Tilsyn bustadKvifor treng du bustadtilsyn? Førebyggande avdeling utfører bustadtilsyn for å auke brannsikkerheita og redusere risiko for brann i bustaden. Kor ofte ein skal feie blir fastsett ut frå behov, ut frå oppvarmingssystemet i bustaden og kor mykje sot det er i skorsteinen. Bustadtilsyn skal sikre bebuarar etter gjeldande lover og forskrifter.Tilsyn med bustadDu må vere heime når vi kjem på tilsyn, slik at du kan vise oss rundt i bustaden. Dersom du ikkje kan vere til stades sjølv, bør du avtale med nokon som kan sleppe oss inn. Personen må kjenne bustaden godt. Vi treng tilgang til heile fyringsanlegget, noko som betyr at vi ønskjer sikker tilkomst til og på tak. Ha gjerne stige liggande klar. Dette sjekkar vi:røykvarslarar, slokkeutstyr og rømningsvegarom eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar om det er behov for feiing, og om brannførebyggaren/feiaren har tilgang til skorsteinenI tillegg rettleier vi deg i spørsmål om fyring og brannsikkerheit i heimen.Etter besøket får du ein tilsynsrapport.Kontakt Bjørnafjorden brann og redning Sist endra 15.10.2025 12:59