Årleg basisgebyr for brannførebygging

Det årlege basisgebyret inngår i dei kommunale avgiftene som vi sender ut fast faktura for fire gonger i året. Gebyr for feiing og tilsyn er vedteke med heimel i brannvernlova.

For feiing og tilsyn gjeld elles Forskrift om brannforebygging, kap. 4. Brann- og feiarvesenet skal sørge for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov
Kor ofte det skal feiast avheng av oppvarmingssystemet i bustaden, sotmengd, type skorstein og fyringsmønster.

Årleg basisgebyr (bustadhus og fritidsbustader) og tillegg i basisgebyr for meir enn eitt pipeløp, sjå kommunale gebyr og avgifter i Bjørnafjorden kommune.

Søknad om gebyrfritak for bustader og fritidsbustader

Brannvesenet skal føre register over skorsteinar og eldstader. Fritak gjeld for røykløp som ikkje er i bruk. «Ikkje i bruk» vil seie at eldstaden må vere fråkopla. Dersom røykløpet blir tatt i bruk igjen, pliktar eigar å melde frå til brannvesenet på dette skjemaet: Meld frå om installasjon av eldstad 

Før det blir gitt fritak, skal brannvesenet kontrollere at fråkopling av eldstad er utført tilfredsstillande. Etter søknad vil brannvesenet avtale dato og tidspunkt for besøk med eigar.

Her finn du skjema for å søke om gebyrfritak for årleg basisgebyr

Kontakt

Ana Monica Johnsen
Spesialkonsulent
Mobil: 90524318