Nødvarsel på mobil

Nødvarsel skal brukast til å varsle befolkninga om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. Eit nødvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.

Nødvarsel er ei teneste frå norske myndigheiter. Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva for område som skal varslast og som sender ut sjølve varselet.

Du kan lese meir om nødvarsel her

Dette skjer når du får eit nødvarsel:

  • Telefonen vibrerer og spelar av ein høg sireneaktig lyd.
  • På skjermen kjem det ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere. Viss telefonen din støttar tekst til tale, kan du få meldinga lesen opp.

Når du mottar eit nødvarsel, skal du stoppe opp, lese eller lytte til varselet, og følgje rådet.

Når skal nødvarsel brukast?

Nødvarsel skal brukast ved akutte og alvorlege hendingar med fare for liv og helse. Det kan vere hendingar med radioaktivt utslepp, alvorleg terror eller andre ulukkes- og katastrofesituasjonar, kor befolkninga må varslast raskt.

Nødvarsel kan brukast for lokale, regionale og nasjonale hendingar.

Systemet skal også testast av og til. Du kan sjå planlagte datoar for testing på www.nødvarsel.no.

Les også: Kva får du varsel om?

Befolkningsvarsling og informasjon

Nødvarsel på mobil er eit tillegg til dei kanalane som allerede blir brukte for å varsle befolkning. I Noreg har vi lenge hatt befolkningsvarsling via tyfonar, som med høg lyd gir signal om at du må oppsøke informasjon. 
Les også: Varsling via tyfonanlegg

Ved ei alvorleg hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar, som for eksempel på radio, tv, nettaviser, myndigheitene sine eigne nettsider og på sosiale medium.
Les også: Informasjon i ein krisesituasjon - kva gjer du?