eFaktura er ein enkel og grei måte å motta fakturaer på. Vi sender fakturaen til nettbanken din, ferdig utfylt med beløp, kontonummer og KID. Alt du treng å gjere, er å godkjenne han.
Vipps eFaktura
Du kan betale rekninga frå oss med Vipps eFaktura, så lenge du nyttar Vipps og har aktivert funksjonen for å motta rekningar i Vipps-appen. eFaktura vil du sjå i både Vipps-appen og nettbanken.
Faktura i Digipost/eBoks
Dersom du ikkje har avtale om eFaktura eller Avtalegiro med Bjørnafjorden kommune, kan du motta faktura i digital postkasse som Digipost eller eBoks.
Faktura i postkassa
Dersom du ikkje har registrert avtale om AvtaleGiro, eFaktura eller digital postkasse med Bjørnafjorden kommune, vil du få fakturaen i postkassa på same måte som tidlegare. Blanketten har ikkje lenger ein girodel som du kan rive av og sende til banken. Dersom du betalar med brevgiro, må du no fylle ut ein tom giroblankett. Tome giroblankettar får du gratis i banken din, i Kommunetorget eller på Luranetunet.
Vi kan hjelpe deg med å fylle ut giroblanketten i Kommunetorget på Rådhuset. Her kan du òg betale fakturaen med bankkort, om du heller ønskjer det.
AvtaleGiro
Dersom du ikkje har nettbank eller andre digitale betalingsløysingar, vil oppretting av AvtaleGiro vere ei god løysing. Med AvtaleGiro syter banken din for at rekningane blir betalte direkte frå kontoen din på forfallsdato.
Last ned og skriv ut avtale om AvtaleGiro med Bjørnafjorden kommune. (DOC, 3 MB)
Bjørnafjorden kommune sender normalt ut faktura for kommunale gebyr fire gonger i året. Du kan velje å få faktura månadleg. Då blir beløpet delt på 12 terminar, i staden for på fire.
Les meir og bestill månadleg faktura.