Bestill månadleg faktura frå Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune sender normalt ut faktura for kommunale gebyr fire gonger i året. Du kan velje å få faktura månadleg. Då blir beløpet delt på 12 terminar, i staden for på fire.

Les dette før du bestiller: 

  • Står du som fakturamottakar på fakturaen for kommunale gebyr frå Bjørnafjorden kommune eller er ein annan person i husstanden registrert som mottakar? Berre fakturamottakar kan gjere endringar i samband med fakturaen. 
  • Månadleg faktura føreset at du har avtale om avtalegiro, e-faktura, Vipps efaktura eller Digital postkasse med Bjørnafjorden kommune.
  • Avtale om månadleg faktura gjeld frå og med neste månad.

Bestill månadleg faktura for kommunale gebyr (logg inn via ID-porten)

Kontakt

Maria Bogevik Brandal
Konsulent
Telefon: 56575303
Mobil: 91344855