Dagsenter for personar med nedsett funksjonsevne og utviklingshemmingPå dagsenteret står meistring og trivsel i fokus. Tilbodet inneber blant anna aktivitetar som handarbeid, musikk og fysisk aktivitet. Bjørnafjorden kommune har dagsenter på Kuhnletunet i Os og Trivselstunet i Eikelandsosen. Dette er kriterium for å få tenesta Du har nedsett funksjonsevne eller utviklingshemming, og treng å vere meir aktiv og sosial. Du kan ikkje nyttiggjere deg av VTA-plass eller tilrettelagt arbeid. Dette er ansvaret dittDu tar del i eit sosialt fellesskapDu melder ifrå dersom du ikkje kjem Dette kostar tenestaDu betaler matpengar to gonger i året og eigendel for transport mellom heimen og dagsenteret. Det kan vere knytt eigendel til nokre av aktivitetane.Er det ope heile året?Vi held feriestengt nokre veker om sommaren. Dagsenteret vil òg vere stengt i juleferien og påskeferien. Kan eg vere på dagsenteret så mange dagar eg vil?Vi ønskjer å tilby plass på dagsenter til så mange som mogleg. Kor mange dagar kvar deltakar får innvilga, kan derfor variere ut frå kapasitet og behov. Sist endra 08.07.2026 14:38