På Fjordblikk har vi fokus på sosial samhandling, næringsrike måltid og aktivitetar for både kropp og sinn.
Målet er å styrke kvar enkelt gjennom dagar fylte med meining, innhald og fysisk, mental og sosial aktivitet.
Dette er viktig både når vi blir eldre og ved ulike demenssjukdomar.
Vi har transportordning tilknytta dagsenteret, og tilsette med kunnskap og engasjement for deg og dine behov.
Dagtilbodet for heimebuande med svekka kognitive funksjonar og ulike demenssjukdomar
- Tilbodet er på dagtid måndag, onsdag og fredag. Vi held til i fine lokale ved Fusa bu-og behandlingssenter.
- Tilbodet er ope gjennom heile året, med unntak av heilagdagar.
- Dagtilbodet blir tilpassa kvar enkelt, og du kan søkje om ein eller fleire dagar.
Dagtilbodet for heimebuande eldre
- Tilbodet er på dagtid tysdag og torsdag.
- Vi held til i fine lokale ved Fusa bu-og behandlingssenter. Tilbodet er ope gjennom heile året, med unntak av ved ferieavvikling om sommaren.
- Dagtilbodet blir tilpassa kvar enkelt, og du kan søkje om ein eller to dagar.
Slik søkjer du
Kva skjer vidare med søknaden?
Kva kostar tenesta?
Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.
Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.