Kuhnletunet dagsenterKuhnletunet dagsenter er eit dagtilbod til menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne. Hos oss står meistring og trivsel i fokus. Målet er at alle skal få brukt evnene sine, ha ein meiningsfull kvardag og jobbe mot same mål.På Kuhnletunet samarbeider ei tverrfagleg samansett personalgruppe for å ivareta heile brukaren.Du finn oss i Kuhnlevegen 275, 5209 Os.Kva kan vi tilby?KommunikasjonstreningKroppsbevisstheit, kommunikasjon og kontaktStyrketreningUtearbeid, mellom anna vedproduksjonFysioterapiHandarbeidMatlagingSanseromTurMusikkgrupper og musikktilbodMotorisk trening til musikkSlik søkjer du Fyll ut digitalt skjema: Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)ellerFyll ut papirskjema: Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (DOCX, 63 kB). Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, pb 24, 5649 Eikelandsosen. Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt.Kva skjer vidare med søknaden?Kva kostar tenesta?Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Sist endra 18.09.2024 10:59