Nyhagen dagsenter

Nyhagen dagsenter er eit sosialt aktivitetstilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt/demenssjukdom. Hos oss står meistring og trivsel i fokus. Målet er at alle skal få brukt evnene sine, ha ein meiningsfull kvardag og jobbe mot same mål. Dagsenteret ligg på Luranetunet i Os.

Kven er tilbodet for?

Nyhagen dagsenter er for personar med kognitiv svikt/demenssjukdom som bur heime.

Tilbod

  • Turgåing
  • Trening med og utan treningsstrikk
  • Dans og musikk
  • Song
  • Matlaging
  • Bingo
  • Avislesning
  • Formingsaktivitetar


Vi samlar oss rundt bordet til hyggelege måltid med næringsrik mat. Brukarane får tilbod om frukost, middag og eit mellommåltid med frukt.

Tilbodet blir tilpassa den enkelte, og kan nyttast frå ein til fem dagar i veka. Vi er opptatt av dagleg aktivitet og at alle kan gjera noko.

Vi hentar brukarane og køyrer dei heim med minibuss.

Opningstider

Måndag til fredag, kl. 10-15

Slik søkjer du

Kva skjer vidare med søknaden?

Kva kostar tenesta?

Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.

Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.

Kontakt

Nyhagen dagsenter
Gruppe 2
Telefon: 98234477
Nyhagen dagsenter
Gruppe 1
Telefon: 47905915
Åsa Kristine Flakke
Leder (m/særaldersgrense
Telefon: 91672069
Mobil: 91672069