Trivselstunet undervisnings- og aktivitetssenter (TUA)

Trivselstunet er eit dagtilbod til menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne. Du finn oss i Brakabygda 33 i Eikelandsosen.

Kven er tilbodet for?

Dagsenteret er for menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne som bur heime.

Tilbod

  • Turgåing
  • Formingsaktivitetar
  • Song
  • Trim og dans
  • Bingo

Tilbodet blir tilpassa den enkelte, og kan nyttast frå ein til tre dagar i veka.

Opningstid

Tysdag, torsdag og fredag kl. 10-14. Kjernetid kl. 10.30-13.30.

Slik søkjer du

Kva kostar tenesta?

Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.

Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.

Kontakt

Aud Marie Jakobsen Lothe
Leder
Telefon: 47619146
Mobil: 98835386