Digitalt tilsyn

Digitalt tilsyn gjer det mogleg å ha tilsyn med deg i heimen din, utan at heimetenesta treng å oppsøke deg fysisk – eller vekke deg om natta.

Produktfoto av sensoren Roommate som blir brukt til digitalt tilsyn. - Klikk for stort bileteSlik ser sensoren på veggen ut. Sensio

Slik fungerer digitalt tilsyn

Ein sensor montert på veggen gir moglegheit til å gjennomføre digitale tilsyn, slik at helsepersonell kan “besøkje” deg.  Sensoren blir innstilt etter dine behov. Sensoren kan utløyse alarm automatisk ved kritiske situasjonar, til dømes ved eit fall eller om du står opp om natta og ikkje kjem tilbake til rommet innan ei gitt tid.

Kven kan få tenesta?

Digitalt tilsyn blir gitt etter kartlegging av behov og etter kriterium som kommunen har fastsett.

Slik søkjer du

Fyll ut digitalt skjema: Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID) eller skriv ut papirskjema: søknadsskjema for helse- og velferdstenester (DOCX, 63 kB)

  • Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt
  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
  • Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt

Kva skjer vidare med søknaden?

Kva kostar tenesta?

Tenesta er helsehjelp som du ikkje betaler for.

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072