Slik blir søknaden din om helse- og omsorgstenester behandlaDet er i hovudsak avdeling for forvaltning og koordinering i Bjørnafjorden kommune som behandlar søknadane til dei ulike helse- og omsorgstenestene, og som hentar inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Kommunen skal behandle saka så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan ein månad, skal vi gi deg skriftleg melding om årsaken, og om når du kan vente at vedtaket blir gjort. For å sikre at du får det tilbodet som passar best for deg, kjem vi som regel på heimebesøk. Vi tar kontakt med deg eller den/dei du har gitt fullmakt for å avtale heimebesøk Deretter gjer vi vedtak. Du får brev om vedtaket i posten. I vedtaksbrevet går det fram om du har fått tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt dekker. Til vanleg får du ei grunngiving saman med vedtaket. Dersom grunngivinga ikkje følgjer med, kan du ta kontakt med oss før klagefristen for vedtaket går ut. Vi gjer merksam på at det kan vere ventetid på nokre av tenestene våre, avhengig av om vi har ledig kapasitet på det du søkjer om. Sist endra 19.08.2020 15:01