Helseteknologi - smarte løysingar for eit godt og sjølvstendig liv

Kva er eigentleg helseteknologi?

Helseteknologi er samlenamnet vi brukar på teknologi som skal gjere det enklare og tryggare for deg å klare deg sjølv i kvardagen, trass i sjukdom eller andre fysiske eller psykiske utfordringar. 

Målet med å ta i bruk helseteknologi er at du skal kjenne deg trygg, klare deg sjølv og bu lengre heime.

Bjørnafjorden kommune tildeler enkelte typar helseteknologi til brukarar som oppfyller bestemte kriterium. Men det er i tillegg mange andre ulike verktøy og hjelpemiddel du sjølv kan skaffe deg for å gjere kvardagen din betre.

Kva kan du skaffe sjølv?

Det kjem stadig nye teknologiske løysingar på marknaden.
"Dingsane" kan gjere kvardagen din lettare og tryggare, og bidra til at du kan klare daglege aktivitetar på eiga hand. 

Eksempel på "dingsar" du kan skaffe sjølv

Kva kan du søkje kommunen om?

  • Tryggleiksalarm kan nyttast i situasjonar der du treng hjelp, for eksempel ved fall.
  • Digitalt tilsyn: Tilsyn i heimen utan at heimetenesta alltid treng å oppsøkje deg fysisk.
  • Elektronisk medisindispenser som gir beskjed når du skal ta medisinen din og sender varsel om du har gløymt å ta han.

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072