Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm skal bidra til at du føler deg trygg i heimen din. Tryggleiksalarmen er meint for situasjonar der du treng hjelp – for eksempel ved fall. 

NB! Tryggleiksalarmen erstattar ikkje nødtenester. Ved behov for akutt hjelp må du alltid ringe 113. 

Kven kan søkje om tryggleiksalarm?

Personar med sjukdom, skade, liding eller nedsett funksjonsevne som fører til utryggleik og fall i heimen. Helsetilstanden må hindre at det er mogleg å bruke mobiltelefon for å varsle.

Slik fungerer tryggleiksalarmen

  • Alarmen er på storleik med eit armbandsur. Du kan bere han rundt handleddet eller halsen. Når du trykker på alarmknappen, kjem du til eit døgnbemanna responssenter som vurderer situasjonen og behovet for oppfølging. 

Nøkkelboks:

  • Vi set opp ein nøkkelboks ved ytterdøra di. Her må du legge ein ekstranøkkel til bustaden din. Tryggleiksalarmen blir ikkje aktivert før nøkkelen er på plass. 
    Det er berre heimetenesta som har tilgang til nøkkelboksen, slik at dei kan kome inn i bustaden din om du treng hjelp. Pårørande kan ikkje bruke nøkkelboksen,

Innhald i tenesta:

  • Ein alarmknapp  
  • Ein alarmboks som blir kopla til straum i bustaden din 
  • Eit døgnbemanna responssenter som tar imot alarm og sørger for vidare oppfølging om du treng det 
  • Drift og vedlikehald av utstyr
  • Nøkkelboks ved ytterdøra

Ved behov og etter kartlegging, er det mogleg å kople på ekstra sensorar, som til dømes dørsensor og røykvarslar. 

  • Pårørande si rolle

    Som hovudregel skal pårørande stå som første kontaktperson ved alarm. Dei må då kunne:

    • Svare på oppringing frå responssenteret.
    • Gi oppfølging ved behov.
    • Sikre eigen tilkomst til bustaden. Nøkkelboksen er berre til bruk for heimetenesta.

    Kva skjer viss pårørande ikkje svarer?

    Dersom pårørande ikkje svarer eller kan rykke ut, vil heimetenesta vere neste kontakt. Du vil alltid få hjelp dersom du utløyser alarmen, sjølv om dine pårørande ikkje er tilgjengelege. 

    Det er mogleg å ha eit samarbeid mellom pårørande og heimetenesta om kven som er ansvarleg for å rykke ut og gi vidare oppfølging. Til dømes kan pårørande vere tilgjengelege mellom kl.15.30 og 23, og heimetenesta resten av døgnet. 

    Dersom det ikkje er mogleg å ha pårørande som første kontaktperson, må dette avklarast.

Slik søkjer du om tryggleiksalarm

Fyll ut digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)

eller bruk PDF-skjema Søknadsskjema for helse og omsorgstenester - pdf (DOCX, 63 kB)

  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
  • Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt
  • Det er ingen søknadsfrist. Vi behandlar søknader etter kvart som dei kjem inn. 

Kva skjer vidare med søknaden?

Kva kostar tenesta?

Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.

Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072