Informasjon om tryggleiksalarm til deg som er pårørandeKva er tryggleiksalarm?Tryggleiksalarmen skal bidra til at brukaren føler seg trygg i eigen heim. Alarmen gjer det mogleg å få kontakt med hjelp dersom det oppstår ein situasjon der brukaren treng bistand, til dømes ved fall. Tryggleiksalarmen består av ein alarmboks som er tilkopla straum i bustaden, og ein tilhøyrande alarmknapp som kan berast rundt handleddet eller halsen. Alarmen er avgrensa til å fungere i bustaden. For å utløyse alarm må brukaren sjølv trykke på alarmknappen. Tryggleiksalarmen er ikkje ei passiv varslingsteneste. Korleis fungerer tryggleiksalarmen? Når brukaren trykker på alarmknappen, kjem han i kontakt med ein døgnbemanna alarmsentral som vurderer situasjonen og behov for oppfølging. Ved behov tek alarmsentralen kontakt med deg som pårørande eller heimesjukepleia, avhengig av kva som blir avtalt ved oppstart. Dersom du som pårørande står som første kontakt ved alarm, vil alarmsentralen ringe deg frå dette telefonnummeret: 233 26 700. Vi anbefaler at du lagrar nummeret på førehand, slik at du kjenner det igjen dersom du blir oppringt. Sjølv om du som pårørande står som første kontakt ved alarm, vil heimesjukepleia vere tilgjengeleg. Dersom du ikkje har høve til å svare eller følgje opp, vil alarmen bli sendt vidare til heimesjukepleia. Teknisk informasjon Tryggleiksalarmen har back up-batteri som varer i inntil 24 timar. Dette gjer at alarmen vil fungere sjølv om straumen går i brukaren sin bustad. Alarmknappen har batteri. Heimesjukepleia får varsel når batteriet begynner å gå tomt, og vil sikre nytt batteri. Alarmen er avhengig av mobilnett. Dersom det oppstår feil eller bortfall av mobilnettet, vil ikkje tryggleiksalarmen fungere i den perioden feilen varer. Sist endra 22.04.2026 14:29