Søk om å få støttekontakt/fritidskontaktStøttekontakt er eit tilbod til personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen.Dette tilbyr viMålet for støttekontakttenesta er å hjelpe den enkelte til å få ei aktiv og meiningsfylt fritid. Gjennom samvær og aktivitet kan ein støttekontakt/fritidskontakt bidra til å auke tenestemottakaren si evne til å utfalde seg, meistre ulike livssituasjonar, auke trua på seg sjølv og bli kjend med nye menneske og miljø.Kva kostar tenesta?Tenesta er gratis. Du skal ikkje betale for utgiftene til støttekontakten. Støttekontakten får godtgjering frå kommunen.Søk om å få støttekontakt/fritidskontaktSend inn digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID) Eller du kan sende skjema per post ved å fylle ut PDF-skjema søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (DOCX, 63 kB). Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, pb 24, 5649 Eikelandsosen. Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt.Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknadenKva skjer vidare med søknaden? Sist endra 23.05.2024 09:44