Kva kan heimehjelpa hjelpe deg med?
- Tyngre husarbeid, som støvsuging og vask av golv i dei romma du har i dagleg bruk
- Klesvask
- Skifte på seng
- Vask av bad
Heimehjelpa hjelper ikkje med stryking av klede, vindusvask, nedvask eller reingjering etter gjester eller andre som deler bustaden med deg.
Målet er at du skal kunne bu heime så lenge som mogleg. Difor er det viktig at du gjer dei oppgåvene du kan for å halde aktivitets- og funksjonsnivået ditt ved like. Vi anbefaler òg at du vurderer moglegheita for å ta i bruk enkle teknologiske hjelpemiddel som er tilgjengelege i handelen, som robotstøvsugar/-golvvaskar.
Kven kan søkje om tilbodet?
Eldre eller funksjonshemma som bur heime, og som treng praktisk hjelp til tyngre husarbeid. Vi kjem på heimebesøk for å kartlegge behovet ditt, og saman avgjer vi kva for tenester du skal få.
Ditt ansvar:
- Å halde utstyr til reinhald, som til dømes bøtter, klutar, reingjeringsmiddel og støvsugar. Heimehjelpa vil vurdere om utstyret er funksjonelt og fungerande for føremålet.
- Å vere heime når heimehjelpa kjem. Viss du er forhindra, må du gi oss beskjed innan klokka 14 dagen før. Dersom vi ikkje får beskjed, må du likevel betale for tenesta.
- Heimehjelp Os: 418 63 005
- Heimehjelp Eikelandsosen: 56 58 20 40
- Å ikkje røyke når heimehjelpa er der og lufte før heimehjelpa kjem
- Å halde kjæledyr i band eller i andre rom medan heimehjelpa er hos deg
- Å halde det ryddig, slik at heimehjelpa kan gjere jobben sin
- Å betale etter inntekt, sjå informasjon om pris under. Rekninga blir sendt i etterkant kvar månad.
Slik søkjer du
Fyll ut digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)
eller bruk PDF-skjema søknadsskjema for helse- og velferdstenester (PDF, 127 kB) (DOCX, 63 kB)
- Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
- Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt
Kva skjer vidare med søknaden?
Kva kostar tenesta?
Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.
Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.