Bufellesskap for vaksne med alvorleg psykisk liding

Bjørnafjorden kommune har to bufellesskap for personar over 18 år med alvorleg psykisk liding: Stegen og Grantun. Bufellesskapa ligg sentralt i Os, nær butikk og kollektivtransport.

Kva tilbyr vi?

Vi tilbyr individuell oppfølging i samband med daglege gjeremål og aktivitetar, samt tilbod om og støtte ved deltaking i fellesskap.

Bufellesskapa har både faste og spontane aktivitetar gjennom veka, tilpassa ønskje og behov, vêr, årstider og høgtider.
Individuelle aktivitetar kan vere husarbeid, handling, samtalar, turar, spel, følge til timeavtalar og liknande. Fellesaktivitetar er til dømes måltider, trening i gymsal, turar i nærområdet, førebuing og markering av høgtider.

Ei tverrfagleg personalgruppe arbeider for og saman med bebuarane for å gi best mogleg tilbod og oppfølging. Visjonen vår er å skape eit miljø som er trygt, føreseieleg, trivselskapande og som gir rom for eigenutvikling. Den enkelte leigetakar skal få høve til sjølvstende i eige husvære og til fellesskap med andre.

Stegen bufellesskap

Bufellesskapet har seks leilegheiter med eitt soverom, bad/vaskerom, kombinert stue- og kjøkkenløysing og terrasse. Vi har i tillegg ei felles stue, kjøkken, toalett og uteområde. Bebuarar i Stegen bufellesskap får tenester frå Miljø og aktivitet i eininga etter avtale.

Grantun bufellesskap

Bufellesskapet har seksten leilegheiter fordelte på to hus. 

Leilegheitene har eitt soverom, bad/vaskerom, kombinert stue- og kjøkkenløysing, altan/terrasse og bod i felles kjellar eller i tilknytning til eitt av husa. Nokre av leilegheitene har eit ekstra soverom. Bufellesskapet har i tillegg ei felles stue og kjøkken, toalett og uteområde. 
Leilegheitene i hovudbygget er døgnbemanna. Dei fire leilegheitene i det frittståande huset ved hovudbygget får tenester frå Miljø og aktivitet etter avtale.

Kven kan søkje om plass i bufellesskap?

Målgruppa for bufellesskapa våre er menneske over 18 år som ikkje sjølve eller ved annan offentleg støtte greier å skaffe seg tilfredsstillande bustad, og som treng bustad med særleg tilpassing som følge av alvorleg psykisk liding.

Les meir om kommunale bustader her før du søkjer 

Slik søkjer du

Søk om kommunal bustad i bufellesskap (PDF, 170 kB)

Søknaden sender du til Bustad- og flyktningtenesta. Postboks 24. 5649 Eikelandsosen. Hugs å behalde ein kopi av søknaden.

Kontakt

Grantun bufelleskap, Idrettsvegen 38, Os
Telefon: 46833767
Stegen bufellesskap, Stegen 10, Os
Telefon: 56575040
Miljø og aktivitet
Telefon: 56575040
Åse Kristin Uglehus
Leder
Telefon: 99533798
Mobil: 99533798