Slik søkjer du
Du må legge ved følgjande dokumentasjon:
- Lønns - eller trygdeslipp for dei to siste månadene for alle personar i husstanden.
- Dokumentasjon av eventuelle andre inntekter, til dømes barnebidrag, kontantstøtte, bustøtte, forsikringsutbetalingar, studielån og næringsinntekt.
- Dokumentasjon på faste utgifter, til dømes husleige, barnepass/barnebidrag.
- Dokumentasjon av gjeld: kopi av låneavtale og aktuelt terminbeløp.
- Utskrift av sjølvmelding eller likning for alle i husstanden (ikkje likningsattest).
- Dokumentasjon ved eventuell oppseiing av leigeforhold.
- Viss du er utanlandsk statsborgar: legg ved ved kopi av pass og busettingsløyve (brev frå UDI).
- Dokumentasjon på sosiale, helsemessige eller andre tilhøve som du meiner kan ha betydning for søknaden.
- Du må vere fylt 18 år, og ha budd i Bjørnafjorden kommune dei siste to åra. Vi kan gjere unntak dersom du har ei særleg tilknytning til Bjørnafjorden kommune, og kan vise til eit stort behov for å bu i kommunen.
- Du og dei andre i din husstand må ikkje ha inntekt, formue eller anna som gjer deg i stand til sjølv å skaffe eigna bustad. Ved behov for spesialtilpassa bustad, tildeler vi etter samla vurdering av inntekt og funksjonsevne.
- Bjørnafjorden kommune kan stille krav om at du tek imot hjelpetiltak, slik som butrening, buoppfølging eller liknande. Dersom du har brote tidlegare husleigekontrakter, samarbeidsavtalar eller har gjeld til Bjørnafjorden kommune, kan søknaden om kommunal bustad bli avslått.
Dersom krava over er oppfylde, vurderer og vektlegg vi følgjande:
Du får vanlegvis tildelt bustad med treårig husleigekontrakt. Når kontraktsperioden nærmar seg slutten, må du søke på nytt. Dersom du framleis oppfyller krava for tildeling av kommunal bustad, vil du få tildelt bustad på nytt.
Sist endra 18.09.2023 09:48