Kva er tilbodet?
Bjørnafjorden kommune tilbyr kurs i sinnemeistring etter Brøsetmodellen.
Det er vanskeleg å endre åtferd, og mange treng hjelp til denne endringa. Kurset går ut på å undersøke og bevisstgjere deg på di eiga tolking av situasjonar, tankar og kjensler. Vi har først individuelle samtalar for saman å sjå om dette er eit tilbod som kan passe for deg.
Sinnemeistring etter Brøsetmodellen har ein godt dokumentert effekt på endring av sinne og vald. Kurset kan bli gitt i gruppe, eller individuelt.
Tid og stad:
Informasjon om tid og stad får du ved å ta kontakt med oss (sjå kontaktinformasjon under). Tilbodet er gratis.
Slik går du fram
Du treng ikkje tilvising for å delta. Ta kontakt med oss for meir informasjon og påmelding.
Kontaktperson:
Lina Marie Oma, telefon 957 39 925, send e-post