Vi ønskjer å motverke kjensla av einsemd og isolasjon, og legge til rette for at du kan ta i bruk eigne ressursar.
Vi vil følgje, støtte og rettleie deg i kvardagen din, og gi deg eit trygt og stabilt tilbod med høg grad av toleranse, kontinuitet og omsorg.
Opningstider
Fjordtreff held til i lokala til Fusa vidaregåande skule, Leiro 46 i Eikelandsosen.
Vi har ope frå kl 10-14, og møtest kvar måndag og onsdag i veker med ulikt tal (oddetalsveker).
Måndagar i veker med likt tal (partalsveker) ordnar brukarane seg sjølve på dagsenteret, utan at personalet er til stades.
Tilbudet er ope, du treng ikkje søke eller ha tilvising. Du er hjarteleg velkomen om du har lyst til å vere saman med oss.