Kontakto - eit dagtilbod for deg med psykiske vanskar
Kontakto er eit dagtilbod og ein møteplass for menneske med psykiske vanskar. Tilbodet er frivillig, og du kan bruke Kontakto i den grad du sjølv vil.
Vi ønskjer å motverke kjensla av einsemd og isolasjon, og legge til rette for at du kan ta i bruk eigne ressursar. Vi ønskjer å følgje, støtte og rettleie deg i kvardagen din og gi deg eit trygt og stabilt tilbod med høg grad av toleranse, kontinuitet og omsorg.
Du finn Kontakto i den gamle prestebustaden på Giskavollen 5.
Sist endra 25.02.2025 11:33