Kurs: Forstå følelsane dine

Bli med på kurs i kognitiv åtferdsterapi og få verktøy til å møte livets opp- og nedturar. 
Kurset er ein del av Rask psykisk helsehjelp (RPH)
 

Tilbodet passar for deg som:

  • Slit med overdriven grubling og bekymring 
  • Er trist eller nedstemt 
  • Opplever at angst og indre uro begrenser deg
  • Opplever stress og belastning i kvardagen

Kurset vil ha ulike tema kvar gong, og gi deg nyttige styrkeøvingar for di psykiske helse.
Mellom kursdagane er det lagt opp til at du skal jobbe på eiga hand med ulike tema.
For å ha best mogleg effekt av tilbodet er det viktig med eigeninnsats, og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen.

Innføringskurs i kognitiv åtferdsterapi og psykisk helse

Les meir om Assistert sjølvhjelp her

Tid og stad

Torsdagar, kl. 13.30-15.30
I NAV sine kurslokale i Os næringspark, vegg i vegg med Bjørnafjorden bibliotek.
Kurshaldarar: Hildegunn Breivik og Ane Rørvik, kognitive terapeutar.

Kursdatoar vinter 2025:

  • 16. januar, 23. januar, 30. januar og 6. februar

Er dette aktuelt for deg?

Send ein e-post med namn og telefonnummer til rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no 
Vi tar kontakt med deg for ein kartleggingssamtale. 

NB! Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-posten, til dømes omfattande forklaring på kvifor du søker hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.  

Du kan òg ringe telefon 474 67 473, måndagar og onsdagar kl. 12-14. NB! Du kan ikkje sende SMS til dette nummeret.