Kurs: Å handtere livet når det er vanskeleg

Slit du med bekymring, uro og grubling? Bli med på kurs i haust! Vi tilbyr to kurs, eit med oppstart i september og eit i november. Datoane finn du lenger nede på sida.
Tilbodet er gratis og ein del av  Rask psykisk helsehjelp (RPH) i Bjørnafjorden kommune.

Ragnhild Stende Bjaadal

Tilbodet passar for deg som:

  • Slit med overdriven grubling og bekymring 
  • Er trist eller nedstemt 
  • Opplever at angst og indre uro begrenser deg
  • Opplever stress og belastning i kvardagen

Kurset gir ei innføring i kognitiv åtferdsterapi og psykisk helse. Kurset vil ha ulike tema kvar gong, og gi deg nyttige styrkeøvingar for di psykiske helse.
Mellom kursdagane er det lagt opp til at du skal jobbe på eiga hand med ulike tema.
For å ha best mogleg effekt av tilbodet er det viktig med eigeninnsats, og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen.

Tilbodet er gratis.

Tid og stad september/oktober

Kurslokale: Dragesetbygget, Torggt. 2, 5200 Os (vi hentar deg på venterommet i 2. etasje). 

Kurshaldarar: Audun Røren og Maren M. Assev

På dette introkurset får deltakarane tilgang til eit digitalt program i assistert sjølvhjelp.

Kursdatoar september/oktober 2026:

  • Tysdag 15.09, kl. 13-15
  • Tysdag 22.09, kl. 13-15
  • Tysdag 29.09, kl. 13-15
  • Tysdag 13.10, kl. 13-15 

Tid og stad november

Kurslokale: Dragesetbygget, Torggt. 2, 5200 Os (vi hentar deg på venterommet i 2. etasje). 

Kurshaldarar: Hildegunn Breivik og Ane Rørvik

Kursdatoar november 2026:

  •  Tysdag 03.11, kl. 13-15
  • Tysdag 10.11, kl. 13-15
  • Tysdag 17.11, kl. 13-15
  • Tysdag 24.11, kl. 13-15 

Er dette aktuelt for deg?

Send oss ein førespurnad (logg på med BankID):
Du kan òg ringe telefon 474 67 473, måndagar og onsdagar kl. 12-14. Du kan ikkje sende SMS til dette nummeret.

Om du ikkje har moglegheit for å fylle ut digitalt skjema, kan du ta kontakt med oss på e-post: rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no

NB! Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-posten, til dømes omfattande forklaring på kvifor du søker hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.