SLT-koordinator

SLT står for Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsførebyggande Tiltak. I Bjørnafjorden kommune har vi ein SLT-koordinator som sikrar at ressursane hos kommunen og politiet er samkøyrde og målretta. 

Kva er SLT?

SLT-koordinatoren legg til rette for målretta, tverrfagleg samarbeid mellom kommunale sektorar, einingar og avdelingar, politiet, frivillige lag og organisasjonar og næringslivet for å gi barn og unge i Bjørnafjorden rett hjelp til rett tid.  

Slik er SLT-modellen bygd opp

SLT har tre nivå som har faste møtepunkt i løpet av året: 
SLT utførande, SLT koordinerande og Politiråd.  

  • SLT utførande møtest seks gongar i året. Her møtest dei som arbeider direkte med barn og unge. Det er om lag 20 personar som møtest fast. 
  • SLT koordinerande har om lag 15 representantar, og møtest fire gongar i året. Her møtest mellomleiarar og leiarar frå om lag dei same tenestene som på SLT utførande. 
  • Politirådet er det styrande nivået i SLT-modellen. Her møtest leiarar i kommune og politi om lag tre gongar i året. 
     

SLT-koordinator deltar i møta på alle tre nivå, og kallar inn til og leier møta i SLT utførande og SLT koordinerande. 
SLT- koordinator skal vere bindeledd mellom dei tre nivåa, og formidle kunnskap om kva som rører seg i kommunen. 
Målet er at alle skal vere oppdaterte om kva som rører seg i Bjørnafjorden, slik at vi kan sette i verk tiltak. 

Les meir om SLT-modellen på Konfliktrådet si nettside.

Dette gjer SLT-koordinatoren

Los i systemet

SLT-koordinatoren arbeider på systemnivå, og kan hjelpe med å lose deg i rett retning i det kommunale systemet. Bjørnafjorden kommune er ein av om lag 200 kommunar i landet som har SLT-koordinator.

Dette er nokre av oppgåvene til SLT-koordinatoren: 

  • Er sekretær i ungdomsrådet og ungdommens politiråd 
  • Er med i konsultasjonsteam mot vald og overgrep
  • Driv dopingførebyggande arbeid 
  • Er Ungdata-koordinator, og formidlar dei lokale resultata av den store Ungdata-undersøkinga, der ungdommane sjølve svarar på korleis dei har det
  • Skriv søknadar til ulike tiltak
  • Har faste møtepunkt med relevante tenester som arbeider tett på barn og ungdom

Kontakt

Elin Tuft
Spesialkonsulent
Telefon: 90810495
Mobil: 90810495