Kva er doping?
Vi kallar det doping når personar brukar ulovlege stoff eller metodar for å bli betre i idretten eller aktiviteten sin. Dette kan vere stoff som gjer at dei får meir musklar eller betre uthald, eller teknikkar som gjer at dei får meir oksygen i blodet.
Doping er ulovleg fordi det gir nokre utøvarar ein urettferdig fordel og det kan vere farleg for helsa.
Vi skil mellom doping og andre illegale rusmiddel. Dei mest brukte dopingmidla er muskeloppbyggande preparat (for eksempel anabole steroid og SARM), vekstfaktorar (for eksempel veksthormon) og stimulerande middel som skal fungere slankande/energigivande (for eksempel efedrin, amfetamin og metylheksanamin).
I tillegg er det ikkje uvanleg at dopingbrukarane tar ulike hormonmodulerande stoff i forsøk på å redusere dei mange biverknadane av dopingbruken.
Er du bekymra for dopingbruk i Bjørnafjorden? Ta kontakt!
Nyttige lenker til meir informasjon
Nasjonale telefon- og chattetenester: