KvardagsrehabiliteringKvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som har mista funksjon som følgje av sjukdom eller skade. Målet er at du skal øve deg opp til å greie dei daglege gjeremåla igjen, slik at du kan bu heime og leve eit godt og aktivt liv så lenge som mogleg.Kven kan få tilbodet?Du må vere over 18 år, bu heime og ha fått vanskar med daglege aktivitetar. Du er motivert til å gjere ein innsats for å trene deg opp att, slik at du i størst mogleg grad kan klare deg sjølv i kvardagen.Det er aldri for seint å begynne å trene og vere aktiv. Ein 80-åring er like trenbar som ein 30-åring.Kva kan vi tilby?Eit tverrfagleg team samansett av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og heimetrenar kjem heim til deg i ein periode på fire veker og trenar på det som er viktig for deg å meistre i din kvardag. Dette kan til dømes vere påkleding, matlaging, å gå opp trappa, gå til butikken, handle, å lufte hunden eller noko heilt anna. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs.Tilbodet om kvardagsrehabilitering er tidsavgrensa til 4 veker.Slik søkjer du Fyll ut det digitale skjemaet Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med bank-ID).Du kan òg bruke felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (DOCX, 63 kB)Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan også levere søknadsskjema i Kommunetorget på rådhuset.Det er den som treng hjelp, ev. pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknaden. Om andre søkjer for deg, må du gi dei fullmakt som ligg ved.Kva skjer vidare med søknaden?Kva kostar tenesta?Tilbodet er gratis.Sjå òg:Brosjyre om kvardagsrehabilitering i Bjørnafjorden kommune (PDF, 658 kB) Sist endra 07.12.2023 15:14