Fusa bu- og behandlingssenterFusa bu- og behandlingssenter (FBBS) tilbyr opphald på sjukeheim og rehabilitering til brukarar som treng pleie og omsorg heile døgnet over kortare eller lengre tid.Vi har 36 sjukeheimsplassar, fire omsorgsbustader, kjøkkendrift, vaskeri og reinhald.AvdelingarLangtidsavdelinga: 12 plassarKorttids-/rehabiliteringsavdelinga: 12 institusjonsplassar på senteret, pluss èi øyeblikkeleg hjelp-seng (ØH). Avdelinga er tiltenkt brukarar med behov for kortare opphald, rulleringsopphald eller rehabilitering.Avdeling for aldersdemente A og B: To små avdelingar med åtte rom i kvarSansehagenSansehagen er knytt til avdeling for aldersdemente, og er ein oase som gir høve til gode opplevingar for mange. Her kan pasientane hente egg i hønsehuset, sjå blomane i beda og vere med på aktivitetar som bålbrenning i grua, plenklipping og saging. Målet er at hagen skal vere ein hyggeleg stad med mange opplevingar som stimulerer sansane, både for pasientar og pårørande.Sansehagen har ei styringsgruppe med representantar for tilsette ved Fusa bu- og behandlingssenter, Fusa Lions og Fusa hagelag.KjøkkenetKjøkkenet lagar mat til dei som bur på senteret, til heimebuande og til dagsentra.Her finn du ossSenteret ligg på Leitet i Eikelandsosen med utsyn over Eikelandsfjorden.Sjå FBBS på kartetSøk om plass Sist endra 30.10.2023 09:06