Ein person med tuberkulose har plikt til å rette seg etter legen sine tilvisingar og om nødvendig la seg isolere for å motverke at sjukdommen blir spreidd til andre.
Timebestilling
Ring Bjørnafjorden kommune på telefon 56 57 50 00, og spør etter helsestasjonen.
Målgruppe
Desse personane har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkinga, jf. kapittel 3 i tuberkuloseforskrifta:
- Personar som skal opphalde seg meir enn tre månader Noreg, som må ha opphaldsløyve, registreringsbevis eller opphaldskort og som kjem frå land der tuberkulose er utbreidd
- Flyktningar og asylsøkarar som kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
- Personar som skal arbeide i helse- og sosialtenesta, som lærarar eller i andre stillingar der dei har kontakt med barn, og som i løpet av dei siste tre åra har kome frå eller opphalde seg minst tre månader i land der tuberkulose er utbreidd
Kor tidleg må undersøkinga skje?
Kommunen skal syte for at undersøkinga blir gjennomført så snart som råd. Flyktningar og asylsøkarar skal undersøkast innan fjorten dagar etter innreise. Personar som skal tiltre ei stilling, skal undersøkast med lungerøntgen før tiltredinga.
Pris
Tuberkuloseundersøkinga er gratis, inkludert transportutgifter.