Du må sende klagen til avdeling for forvaltning og koordinering innan tre veker frå du mottok brevet. Klagen må vere skriftleg og du må oppgi kva du klagar på og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Vi kan hjelpe deg med klagen, om du vil det.
Dersom kommunen ikkje tar klagen til følgje, vil saka di bli sendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.