Du får
Vi tilbyr gode læreplassar med engasjerte rettleiarar, kursdagar og andre samlingar. Vi har eit godt arbeidsmiljø i kommunen og er opptatt av at du skal trivst, slik at du kan lære og yte best mogleg når du jobbar hos oss.
Finn ledige læreplassar her
Om oss
Bjørnafjorden kommune har rundt 1800 tilsette og 25 000 innbyggarar.
Som lærling bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping.
Bjørnafjorden kommune er godkjent lærebedrift i følgande fag:
Barne-og ungdomsarbeidarfaget
Synest du utviklinga til barn er spennande? Er du oppriktig glad i å jobbe med barn og ungdom? Vi tilbyr eit spennande og utfordrande fagmiljø med gode rettleiarar og tett oppfølging.
Kontaktperson
Karianne Moberg, skulefagleg rådgivar, telefon 91 58 01 51 Send e-post
Eigedomsdrift/byggdriftarfag
Som byggdriftar er jobben din å syte for å drifte og vedlikehalde barnehagar, sjukeheimar og kontorbygg. Du blir ein ressursperson både for tilsette i kommunen og for andre samarbeidspartnarar. Har du eit ønske om å hjelpe andre og samtidig ha ein variert arbeidskvardag, er dette jobben for deg.
Kontaktperson
Dag Søfteland, leiar eigedomsdrift, telefon 90 02 01 97 Send e-post
Helsefagarbeidarfaget
Har du eit sterkt ønske om å hjelpe andre? Og er du interessert i kropp og sinn, og korleis menneske kan få det best mogleg? Som helsefagarbeidar jobbar du med både pleie, ernæring og aktivisering av pasientar og brukarar – alt som bidrar til at dei får ein betre kvardag. Vi tilbyr eit spennande og utfordrande fagmiljø med gode rettleiarar og tett oppfølging.
Kontaktpersonar
Marit Tandberg, fagkoordinator, telefon 48 01 29 66 Send e-post
Bodil Hansen, fagkoordinator, telefon 93 28 39 86 Send e-post
IT-driftsfag
Er du over gjennomsnittet interessert i IT? Og er du kanskje allereie IT-hjelp på heimebane? Hos oss får du jobbe med mange spennande oppgåver innan brukarstøtte, systemforvaltning og infrastruktur.
Kontaktpersonar
Ronny Børsheim, telefon 95 79 87 19 Send e-post
Service- og administrasjonsfaget
Er du strukturert og serviceinnstilt? Som lærling hos oss jobbar du med brukarstøtte, kundeservice, rekneskap og du er med på å arrangere møte og samlingar.
Vi tilbyr faglege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Kontaktperson
Karianne Maltun, telefon 95 43 57 27 Send e-post
Veg- og anleggsfaget
Trivst du best med ein fysisk og variert arbeidskvardag, er du allsidig og har du evne til å arbeide sjølvstendig?
Vi tar inn lærlingar innan følgande fagområde:
● Anleggsmaskinførarfaget
● Veg- og anleggsfaget
● Anleggsrøyrleggarfaget
Kontaktperson
Agnete Haugland, telefon 95 23 14 42 Send e-post
Brannførebyggarfaget
Som brannførebyggar reingjer du skorsteinar, røykkanalar, eldstader og sentralfyringsanlegg for å førebygge brann- og avgassutslepp. Hovudoppgåva er brannførebyggande arbeid, og du arbeider ofte i nær tilknytning til brannvesenet.
Vi tilbyr eit spennande og utfordrande fagmiljø med gode rettleiarar og tett oppfølging.
Les meir om brannførebyggarfaget.
Kontaktperson
Jan Olav Birkeland, telefon 98 23 44 49 Send e-post