Brannførebyggarfaget

I 2020 blei tittelen endra frå feiar til brannførebyggar. Ein brannførebyggar reingjer skorsteinar og har tilsyn med fyringsanlegg.

Som brannførebyggar reingjer du skorsteinar, røykkanalar, eldstader og sentralfyringsanlegg for å førebygge brann- og avgassutslepp. Hovudoppgåva er brannførebyggande arbeid, og du arbeider ofte i nær tilknytning til brannvesenet.

Vanlege arbeidsoppgåver:

• Feiing av skorsteinar, røykkanalar og eldstader

• Avgrense skadar etter brann

• Passe på at bygningar har gode branntekniske løysingar i samsvar med lovar og reglar

• Tilpasse og lage utstyr til feiing

• Rettleie om ulike fyringsmetodar og korleis redusere forureining og sotdanning, som igjen førebygger brann

• Formidle kunnskap om riktig val og bruk av sløkkemiddel og sløkkemetodar

Brannførebyggarar har god kunnskap om bygningskonstruksjon og bygningsmaterialar, og kan berekne korleis eldstad (peis), skorstein og ventilasjon fungerer saman.

Det er risiko involvert i jobben som brannførebyggar. Difor er det viktig å ha kunnskap om helse, miljø og sikkerheit (HMS). Det er eit omfattande regelverk å forhalde seg til på dette området.

Kor jobbar ein brannførebyggar?

Dei fleste brannførebyggarar jobbar i kommunale etatar, som for eksempel brannvesenet. Du kan òg jobbe i statlege organ som for eksempel Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

Personlege eigenskapar

Brannførebyggarar må like seg i høgda og kunne arbeide systematisk og nøyaktig. Du må ha gode rekneferdigheiter og kunnskap om digitale verktøy, og like å kommunisere med menneske.
Brannførebyggarar må kunne jobbe både sjølvstendig og saman med andre.