Jobb med barn og unge i Bjørnafjorden kommune Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune I sektoren Oppvekst gir vi tenester til barn, unge og familiane deira, med særskilt fokus på tidleg innsats og førebygging.I Bjørnafjorden er «alle barn våre barn». Det betyr at vi har eit felles ansvar for barn og unge i vår kommune.”Eg veit kor eg skal gå om eg har ei problemstilling eller berre treng nokon å snakke med. Miljøet er veldig godt, eg trivst på jobb. Som nyutdanna har eg òg fått oppfølging gjennom eit eige nettverk.”– Elisabeth Foer, lærarFinn ledige stillingar herVåre målAlle barn og unge skal ha gode oppvekstmiljø somfremmar helse, trivsel og læringgir meistring, tryggleik og anerkjenningførebygger utviklings- og helserelaterte vanskar Vi jobbar mykje i team for å finne gode tverrfaglege løysingar til det beste for barn og unge og familiane deira.Vi treng degVil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden kommune gode oppvekstvilkår?Vi treng:barne- og ungdomsarbeidarar, miljøarbeidarar, lærarar, spesialpedagogar, barnehagelærarar, logopedar, psykologar, jordmødrer, helsesjukepleiarar, barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og fleire andre relevante faggrupperleiarar til barnehage, skule og fagtenesterkontorfagleg personaleEin god oppvekst varer livet ut. Som tilsett i Oppvekst er du med å gi barn og unge eit godt grunnlag. Finn ledige stillingar herKva gjer vi for å nå måla våre?Vi legg til rette for trygge og utviklande oppvekstmiljø i eit samarbeid mellom tilsette, barn, ungdom, familiar og eksterne samarbeidspartar.Vi er fleksible og skapar god samanheng i tenestene.Vi utviklar eit heilskapleg barnehage- og skuletilbod med tilpassa fagtenester.Vi er utviklingsorienterte og nyttar forskingsbasert kunnskap og metodar.Vi held fast ved satsingar over tid.Vi har gode barnehage- og skulebygg og uteområde/nærmiljøanlegg som fremmar leik, læring og trivsel og bidrar til god folkehelse. Fransisco Munoz / Bjørnfjorden kommune Spennande prosjekt og tilbod Vi jobbar med mykje spennande: Barnevernsreforma Barnevernsreforma tredde i kraft 1. januar 2022. Reforma flyttar meir ansvar til kommunane på barnevernsområdet, og skal bidra til å styrke det førebyggande arbeidet og den tidlege innsatsen. Kommunen har med reforma òg fått eit meir heilskapleg ansvar for fosterheimane.Les meir om barnevernsreforma Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis Satsinga på kompetanse omfattar heile laget rundt barna og elevane, og skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på dei barna som har behov for det. Målet er at alle barn og unge skal få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule. Les meir om prosjektet her VERD-SETT: folkehelsearbeid for barn og unge Våren 2021 starta vi opp det treårige folkehelsearbeidet VERD-SETT. Det overordna målet er å jobbe saman på barn og unge sine oppvekstarenaer for å styrke meistringsevna og psykisk helse, og for å auke nærvær og førebygge utanforskap. Familiens hus Familiens hus er ei teneste som jobbar på tvers av fagområde og aldersgrupper for å gi eit best mogleg tilbod til barn og familiane deira. Tenesta består av Førebyggande helsetenester (helsestasjon, jordmor, skulehelsetenesta), barneverntenesta og eining for barn, unge og familiar. Ung Arena Ung Arena er eit lågterskeltilbod for ungdom mellom 13 og 20 år. Her kan du komme og vere med andre ungdommar og få hjelp med til dømes jobbsøking, skulegang, personleg økonomi og samtalar rundt ulike tema. Du får snakke med ein trygg vaksen, til dømes psykolog eller helsesjukepleiar. Alle har teieplikt. Tilbodet er gratis.Les meir om Ung Arena Bli lærling i barne-og ungdomsarbeidarfagetVi kan tilby ein spennande arbeidsplass med dyktige og engasjerte rettleiarar.Les meir om læreplassarKvifor jobbe i Bjørnafjorden kommune?Som nytilsett i Bjørnafjorden kommune får du god oppfølging og fagleg spennande utfordringar.Les meir om korleis det er å jobbe i Bjørnafjorden Sist endra 25.11.2024 14:34