Du får
Vi tilbyr gode læreplassar med engasjerte rettleiarar, kursdagar og andre samlingar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø i kommunen og er opptatt av at du skal trivst, slik at du kan læra og yta best mogleg når du jobbar hos oss.
Finn ledige læreplassar her
Om oss
Bjørnafjorden kommune har rundt 1800 tilsette og i underkant av 25 000 innbyggarar. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”.
Som lærling bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Bjørnafjorden kommune skal vera eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping.
Bjørnafjorden kommune er godkjent lærebedrift i følgjande fag:
Barne-og ungdomsarbeidarfaget
Synest du utviklinga til barn er spennande? Er du oppriktig glad i å jobba med barn og ungdom? Vi tilbyr eit spennande og utfordrande fagmiljø med gode rettleiarar og tett oppfølging.
Kontaktperson
Karianne Moberg, skulefagleg rådgivar, telefon 91 58 01 51, Send e-post
Eigedomsdrift/byggdriftarfag
Som byggdriftar er jobben din å syta for å drifta og vedlikehalda barnehagar, sjukeheimar og kontorbygg. Du blir ein ressursperson både for tilsette i kommunen og for andre samarbeidspartnarar. Har du eit ønske om å hjelpa andre og samtidig ha ein variert arbeidskvardag, er dette jobben for deg.
Kontaktperson
Dag Søfteland, leiar eigedomsdrift, telefon 90 02 01 97, Send e-post
Helsearbeidarfaget
Har du eit sterkt ønske om å hjelpa andre? Og er du interessert i kropp og sinn, og korleis menneske kan få det best mogleg? Som helsefagarbeidar jobbar du med både pleie, ernæring og aktivisering av pasientar og brukarar – alt som bidrar til at dei får ein betre kvardag. Vi tilbyr eit spennande og utfordrande fagmiljø med gode rettleiarar og tett oppfølging.
Kontaktpersonar
Marit Tandberg, fagsjukepleiar, telefon 48 01 29 66, Send e-post
Bodil Hansen, fagsjukepleiar, telefon 93 28 39 86, Send e-post
IKT-servicefag
Er du over gjennomsnittet interessert i IT? Og er du kanskje allereie IT-hjelp på heimebane? Hos oss får du jobba med mange spennande oppgåver innan brukarstøtte, systemforvaltning og infrastruktur.
Kontaktpersonar
Espen Harald Haga, IT-leiar, telefon 41 49 33 83, Send e-post
Ronny Børsheim, telefon 95798719, Send e-post
Kontor- og administrasjonsfag
Er du strukturert og serviceinnstilt? Som lærling hos oss vil du jobba med brukarstøtte, kundeservice, rekneskap og vera med å arrangera møte og samlingar.
Vi tilbyr faglege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Kontaktperson
Martha Heggland, telefon 91 10 75 76, Send e-post.
Samferdsel, vatn og avløp
Trivst du best med ein fysisk og variert arbeidskvardag, er du allsidig og har evne til å arbeida sjølvstendig?
Vi tar inn lærlingar innan følgjande fagområde:
● Anleggsmaskinførarfaget
● Veg- og anleggsfaget
● Anleggsrøyrleggarfaget
Kontaktperson
Lisbeth Lunde Axelsen, telefon 95 08 98 33, Send e-post.
Brannførebyggarfag
Som brannførebyggar reingjer du skorsteinar, røykkanalar, eldstader og sentralfyringsanlegg for å førebygga brann- og avgassutslepp. Hovudoppgåva er brannførebyggande arbeid, og du arbeider ofte i nær tilknytning til brannvesenet.
Vi tilbyr eit spennande og utfordrande fagmiljø med gode rettleiarar og tett oppfølging.
Les meir om brannførebyggarfaget.
Kontaktperson
Joakim Janssen, telefon 47 65 74 35, Send e-post.