Finn ledige stillingar her
God oppfølging av nytilsette
Vi er opptatt av at alle nye lærarar skal føle seg trygge i jobben sin. Alle nytilsette i kommunen får delta i introduksjonsprogrammet “Ein sterk start”, eit oppfølgingsløp som sikrar gradvis innføring i ny jobb. Vi tilbyr nettverk for nyutdanna barnehagelærarar.
Inspirerande og mangfaldig fagmiljø
Vi kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø, der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Målet er «det gode liv for ALLE barn, unge og deira familiar» i Bjørnafjorden kommune.
Barnehageutvikling står sentralt med særleg fokus på trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Satsingsområda er bærekraft, barn sin medverknad, språkmiljø og vasstilvenning i sjø.
Vi tilbyr nettverk for barnehagelærarar to gonger i året. Dette er eit møtepunkt der du treffer barnehagelærarar på tvers av alle barnehagane i kommunen, kor vi fokuserer på fagleg oppdatering og refleksjonsøkter.
Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
Satsinga på kompetanse omfattar heile laget rundt barna og elevane, og skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på dei barna som har behov for det. Målet er at alle barn og unge skal få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule.
Les meir om kompetanseløftet
Arbeidsplassane
Vi har mange barnehagar i Bjørnafjorden kommune med flotte barn og dyktige og engasjerte barnehagelærarar.
Sjå barnehagane våre
Om Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune ligg i idyllisk fjordlandskap, ein kort køyretur sør for Bergen. Nye E39 opna hausten 2022, og gir ei reisetid på berre 15 minutt mellom Os sentrum og Bergen.
Les meir om korleis det er å jobbe i Bjørnafjorden