Bli lærar i Bjørnafjorden-skulen

Som lærar i Bjørnafjorden kommune får du kollegaer som bryr seg om deg og kvarandre, og som er opptatt av å samarbeide om å skape trygge og gode rammer for læring. Å vere lærar skal ikkje kjennast einsamt, men vere eit felles prosjekt.

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

 ”Eg veit kor eg skal gå om eg har ei problemstilling eller berre treng nokon å snakke med. Miljøet er veldig godt, eg trivst på jobb. Som nyutdanna har eg òg fått oppfølging gjennom eit eige nettverk.”

– Elisabeth Foer, lærar

Finn ledige stillingar her

God oppfølging av nytilsette

Vi er opptatt av at alle nye lærarar skal føle seg trygge i jobben sin. Alle nytilsette i kommunen får delta i introduksjonsprogrammet “Ein sterk start”, eit oppfølgingsløp som sikrar gradvis innføring i ny jobb. Vi har òg eit eige nettverk for nyutdanna lærarar, der dei kan utveksle erfaringar med andre nyutdanna og bli følgde opp av erfarne lærarar.

Kvifor bør du jobbe i Bjørnafjorden-skulen?

  • Bjørnafjorden satsar på barn og unge
  • Vi set læringa til elevane, deira trivsel og utvikling, i sentrum
  • Vi har engasjerte lærarar som bryr seg
  • Du får utvikle skulen saman med dyktige kollegaer
  • Vi er ein framtidsretta kommune med mange spennande prosjekt, mellom anna innan IKT
  • Lærarar og elevar har god tilgang på digitale verktøy og læremiddel
  • Du får tilbod om etter- og vidareutdanning
  • Du får gode forsikings- og pensjonsordningar

Visjon for Bjørnafjorden-skulen

Visjonen vår er “Livsglede og lærelyst”. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg, og er gode rollemodellar. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammar rundt barna.

 

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

 

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Satsinga på kompetanse omfattar heile laget rundt barna og elevane, og skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på dei barna som har behov for det. Målet er at alle barn og unge skal få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule.

Les meir om kompetanseløftet

VERD-SETT - folkehelsearbeid for barn og unge

Våren 2021 starta vi opp det treårige folkehelsearbeidet “VERD-SETT, saman om livsmeistring og fråværsførebygging”. Det overordna målet er å jobbe saman på barn og unge sine oppvekstarenaer for å styrke meistringsevne og psykisk helse, og for å auke nærvær og førebygge utanforskap.

Arbeidsplassane

Vi har mange skular i Bjørnafjorden kommune med flotte elevar og dyktige og engasjerte lærarar.

Sjå skulane våre

Om Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune ligg i idyllisk fjordlandskap, om lag 15 minutts køyretur sør for Bergen. 

Les meir om korleis det er å jobbe i Bjørnafjorden