Skular i Bjørnafjorden

Bjørnafjorden kommune legg til grunn at barn skal gå på den offentlege grunnskulen som ligg nærast heimen, eller den skulen i nærmiljøet dei soknar til. 

Kva for ein skule eit barn høyrer til blir avgjort med utgangspunkt i:

  • Kvar barnet bur
  • Kapasitet ved skulen
  • Tilhøva på skulevegen
  • Kva for ein skule eventuelle sysken går på

Når det nærmar seg skulestart for 1. trinn, vil du motta eit brev om kva for ein skule ditt barn har fått plass ved. Om du ikkje er folkeregistrert med adresse i Bjørnafjorden, må du sjølv ta kontakt med nærskulen. 

Skular i Bjørnafjorden
Skule Rektor SFO-leiar Telefonnummer E-postadresse
Borgafjellet barneskule Gunnhild Hansen Avdelingsleiar 1.-3. trinn: Tonje Nesheim SFO-leiar: Sigrun Mosaker 56 57 59 60 E-post
Eikelandsosen barneskule Kjersti Søvik John Inge Sævold 56 58 00 54 E-post
Fusa barneskule Linn Overå Waage 56 58 21 48 E-post
Fusa ungdomsskule Vivi Irene Fosse 56 58 08 00 E-post
Halhjem barneskule Kristin Starheim Elin Søfteland Scheie 56 57 54 00 E-post
Kuventræ barneskule Olav Røttingen Hilde Vedholm 56 30 31 60 E-post
Lunde barneskule Elin Skaatun Christina Moberg 56 57 59 80 E-post
Lysekloster barneskule Lars-Tore Johannessen Hilde Brunvatne 56 57 52 15 E-post
Ådlandsfjorden barneskule (tidlegare Nore Fusa skule) Olav Aarvik 56 58 39 41 E-post
Nore Neset barneskule Ann-Irene Brunvoll Renate Andersson 56 57 58 50 E-post
Nore Neset ungdomsskule Øystein Holmaas 56 57 58 00 E-post
Os barneskule Laila Aarbakke Camilla Hjelle Fløysand 56 57 53 63 E-post
Os ungdomsskule Diana Voinea Johansen 56 57 59 00 E-post
Strøno barneskule Vibeke Leikvoll Jill Lepsøy 56 57 52 80 E-post
Søfteland barneskule Line Marie Aarbakke 56 30 33 80 E-post
Baldersheim barneskule (tidlegare Søre Fusa skule) Kari Anne Bergesen 56 58 32 02 E-post
Søre Øyane barneskule Åse Langeland Kallestad Ingrid Nissen Kjørsvik 56 57 59 70 E-post
Bjørnafjorden vaksenopplæring Are Sæverudsø Lygre 56 57 52 95 E-post
Bjørnafjorden kulturskule Christian Breistein 56 57 52 48 E-post
Private grunnskular
Hålandsdalen montessoriskule Magne Opheim Laura Kristin Waage 56 58 11 00 E-post
Strandvik montessoriskule Heidi Baldersheim Vigdis Hamre 56 58 48 40 E-post
Vinnes friskule Hein Bondevik Elise Nyland 56 58 41 72 E-post

Forskrift for opptaksområda for skulane

Forskrift for opptaksområda for skulane (PDF, 2 MB) i Bjørnafjorden kommune blei vedtatt 22. september 2022 av Bjørnafjorden kommunestyre.

Spørsmål om skuleplass 

Ta kontakt med nærskulen din. Ønskjer du å søkje om endring av skuleplass, må du søke på dette skjemaet. Ver merksam på at dersom byttet medfører at barnet treng skuleskyss, må foreldre sjølv betala for dette.

Ved overgang fra privat barneskule til kommunal ungdomsskule, må barneskule fylle ut overgangsskjema for kvar elev. Dette dokumentet arkiveres i eleven si elevmappe.

Sjå oversikt med kontaktinformasjon til skulane i Bjørnafjorden kommune lenger nede på denne sida.

Bjørnafjorden kommune har ansvar for barne- og ungdomsskulane. Vestland fylkeskommune har ansvar for vidaregåande skule/opplæring.

Her finn du informasjon om regelverket for privat heimeundervisning. 

Kontakt

Janne Martha Efteland Eik
Leder
Telefon: 93405978
Mobil: 93405978