Vil du bli støttekontakt i lønna oppdrag?

Har du 2-5 timar i veka til overs og lyst til å gjere ein forskjell? Då kan du bidra til å gi andre ei meiningsfull fritid. 

Dersom du er interessert i å hjelpe menneske som treng bistand til eller avlastning for å kunne delta i kultur- og fritidsaktivitetar, vil vi svært gjerne høyre frå deg. 

  • Bjørnafjorden kommune treng støttekontaktar av begge kjønn og i alle aldrar som kan jobbe oppdragsbasert knytt til barn, ungdom og vaksne.
  • Vi søker deg som er påliteleg og stabil, og helst over 18 år. 
  • Det er ein stor fordel om du har førarkort og disponerer bil. 
  • Det er ikkje krav om fagbakgrunn for å bli støttekontakt.

Våre støttekontaktar har ei timelønn på kr 234,40/årslønn på kr 457 072,- I tillegg får du dekka utgifter og kilometergodtgjersle innan gjeldande rammer.  

Arbeidstida er fleksibel etter avtale, og du kan få rettleiing ved behov, i tillegg til svært meiningsfylte oppgåver.

Kven kan vere støttekontakt?

Slik blir du støttekontakt

Fyll ut interesseskjemaet

Ta gjerne kontakt med oss i støttekontakttenesta på telefon 48032152 eller e- post: bebo@bjornafjorden.kommune.no 

Praktisk informasjon til deg som alt er støttekontakt

Har du fått tilbod om å vere støttekontakt? Rettar og plikter
For deg som er støttekontakt: her finn du rapportskjema
Slik fører du timar. Her finn du lenker til Visma

Kontakt

Beate Botnevik
Fagleder
Mobil: 48032152
Åse Berit Skeie Ulltang
Spesialkonsulent
Telefon: 90035387
Mobil: 90035387