Kameraovervaking i Bjørnafjorden kommune

Kor er det kameraovervaking og kor lenge blir opptak lagra?

Det er kameraovervaking ved kollektivterminalen ved rådhuset og i Giskavollen parkeringshus.

  • Ved kollektivterminalen overvakar vi området rundt busstoppa på begge sider av vegen. Kameraovervakinga er aktiv kvar dag frå kl. 16.00 til kl. 6.00, heile året.
  • I Giskavollen parkeringshus dekkjer kameraa inngangar, trappehus og parkeringsområde. Kameraovervakinga i parkeringshuset er aktiv heile døgnet, alle dagar, heile året.

Om kameraovervaking

  • Kameraovervakinga omfattar personar som oppheld seg innanfor dei overvaka områda. Ved kollektivterminalen gjeld dette mellom anna innbyggjarar og tilreisande som ventar på buss, samt bussjåførar og andre som oppheld seg ved haldeplassen.
  • I Giskavollen parkeringshus kan personar som parkerer eller oppheld seg i parkeringshuset, bli filma. Registreringsnummer på bilar kan også bli filma.
  • Kameraa dekkjer berre avgrensa område. Det blir verken nytta lydopptak eller ansiktsgjenkjenning.

Kvifor kameraovervaking?

Føremålet med kameraovervakinga er å auke tryggleiken, førebyggje uønskte hendingar og skadeverk, og ta vare på kommunen sin eigedom.

Lagring og tilgang

Opptak blir lagra i sju dagar før dei blir sletta automatisk.

Berre autoriserte personar med tenestebehov har tilgang til opptaka. Opptaka er sikra med tilgangsstyring og andre nødvendige sikkerhetstiltak.

Dine rettar

Du har rett til informasjon om korleis kommunen behandlar personopplysningane dine gjennom kameraovervakinga.

Dersom du meiner at kommunen ikkje behandlar personopplysningane dine på ein korrekt måte, kan du ta kontakt med kommunen. Du kan også klage til Datatilsynet.

Kontaktinformasjon

Bjørnafjorden kommune ved Eigedom drift er behandlingsansvarleg for kameraovervakinga. Dersom du har spørsmål om kameraovervakinga eller behandling av personopplysningar, kan du kontakte kommunen på telefon: 56 57 50 00 eller e-post: post@bjornafjorden.kommune.no

Du kan òg kontakte personvernombodet på e-post