Musikkglede og fellesskapVelkommen til musikkglede og fellesskap! Ein sosial møteplass der du kan bruke stemma og spele på mange strenger. Dette er eit lågterskeltilbod for personar med nedsett funksjonsevne. Det er lett å delta, inga påmelding - berre kom!Ein tysdag i månaden samlast vi på Kuhnletunet dagsenter, og ein onsdag i månaden er vi i Fritidsklubben på biblioteket i Eikelandsosen. Vi står dessverre utan formidlar hausten 2026 i tilbodet om Musikkglede og fellesskap, og vi må difor avlyse haustprogrammet. Dette gjeld både på Kuhnletunet og i Eikelandsosen. Sist endra 03.09.2026 13:14