130 år sidan Osbanen opna

Søndag 1. juli 1894 var ein merkedag i lokal samferdslehistorie. Endeleg opna Nesttun-Osbanen, og folk kunne reise fram og tilbake mellom Os og Bergen på dagen. Togturen Bergen-Os tok berre to timar, medrekna togbyte og venting på Nesttun. 

Personalet framfor Os stasjon i 1899. Frå venstre: Jacob Sveen, Karl Knudsen, Johannes Kuventræ, Kaare Bertelsen, Johan Sandven (på lokomotivet), Petter Pedersen, Gustav Gundersen, Knut Moberg, Martin Slettebakken (sitjande), Lars Kuven, Jakob Helgesen, Ola Kvikne, Einar Otto Svenke (son av Emil), Emil A.M. Svenke, Anna Bertelsen (gift med Kaare), med barna Konrad (på stolen) og Henrik. Ytst til høgre står Elise Svenke (gift med Emil). Kjelde: Per Ivar Tautra "Fremskrittet som åpnet bygdene. Nesttun-Osbanen - en attraksjon som ble borte" (1996) Gerhard Berg / Lokalhistorisk arkiv


På opningsdagen var den største folkemengda nokon gong sett i Osbygda samla på Os stasjon. Alle ville sjå den første offisielle avgangen på Nesttun-Osbanen. Første avgang frå Os var klokka 9.15, og første tog tilbake frå Nesttun gjekk klokka halv tolv. Det var smikkfullt. Dei 250 heldige som hadde sikra seg billett, vinka til folkmengdene som hadde samla seg på dei 10 stasjonane og stoppestadane langs den 26 km lange linja. på Ulven stasjon var ein skare med uniformskledde frå leiren på Ulven møtt opp for å helse toget, og brigademusikken spelte.   

Fem øre for å sjå toget

Dei første åra banen var i drift, var det så mange skodelystne at det blei innført «plattformbillett». På travle dagar kunne det vere meir enn 100 menneske som betalte fem øre for å få sjå toget frå perrongen. Ikkje verst, med tanke på at Ous kommune, som den gongen også omfatta dagens Samnanger, hadde om lag 2300 innbyggarar.   

Tur/retur Bergen på dagen

Opninga av Osbanen var starten på ein ny æra.  På Vestlandet hadde fjorden alltid vore vegen, men no flytta passasjertrafikken seg gradvis til landjorda. Med toget kunne folk reise fram og tilbake mellom Os og Bergen same dag, for togturen Bergen-Os tok berre to timar, medrekna togbyte og venting på Nesttun. Dermed var reisetida halvert, samanlikna med dampbåten. Dessutan var det rimelegare med tog enn båt. I opningsåret kosta togturen Bergen-Os 1,65 kroner. 

Litt for ambisiøs start

Den opprinnelege planen var å ha fire avgangar kvar veg alle dagar. Ingeniør Nicolay Sontum hadde leia arbeidet med å bygge banen. Han meinte det var nok med to tog kvar veg i starten, til linja var testa i drift, materiellet var innkøyrd og personalet faktisk hadde lært seg å køyre tog. Trass i åtvaringane frå Sontum, blei rutetabellen etter berre tre veker optimistisk oppjustert til fire togpar om søndagen. Allereie første dag, 22. juli, spora to vogner av på Nesttun. Det blei berre den eine dagen med fire avgangar. Helga etter var det redusert til tre.  
 

Lær meir om Osbanen under Kulturminnedagane 31. august – 9. september

Tema for Kulturminnedagane 2024 er «Spor, nettverk og forbindelsar». I heile Europa er komitear, kommunar og entusiastar i gang med å planlegge 70 000 arrangement med mange slags innfallsvinklar til temaet. I Bjørnafjorden skal det dreie seg om Osbanen si historie og Osbane-linja som teknisk kulturminne.

Kulturminnedagane går av stabelen i veka 31. august – 9. september. Osbanens venner, Venneforeningen for gamle Osbanen, Fortidsminneforeininga - Bjørnafjorden lokallag, Os Kulturutvikling og Os sogelag samarbeider med Fana og Ytrebygda kulturkontor og kultureininga i Bjørnafjorden kommune om å få ting til å skje både ved stasjonane og langs «linjo».

Du finn meir om historia til Osbanen her på heimesida til kommunen og på sida til Osbanens Venner.