På sporet av Osbanen

Tema for Kulturminnedagane 2024 er «Spor, nettverk og forbindelsar». I heile Europa skal komitear, kommunar og entusiastar bruke det neste halvåret på å planlegge 70 000 arrangement med mange slags innfallsvinklar til temaet. I Bjørnafjorden skal det handle om historia til Osbanen.

Toget fotografert i den store svingen på Hetleflåten på Osbanen sin aller siste tur 1. september 1935. Akkurat her blei det trøbbel på den første offisielle turen 1. juli 1894. I det strålande sommarvêret blei det solslyng på skinnene, og dei 250 passasjerane måtte vente medan skinnegangen blei reparert. Enoch Djupdræt / Lokalhistorisk arkiv

Nesttun-Osbanen opna med stor ståhei 1. juli 1894, med skodelystne på alle stasjonar. Strekninga Osøyro-Nesttun var 26 kilometer, og turen tok halvannan time. Maksfart på den smalspora banen var 25 km/t, rett nok redusert til 15 km/t der banen gjekk langs trafikkert veg. Skulle du heilt til byn, måtte du byte tog på Nesttun, for det var større sporvidde på Vossebanen.  

Utkonkurrerte seg sjølv 

I flerie tiår var Osbanen nyttig for både passasjer- og godstransport til og frå Os. Folk var glade i toget sitt, sjølv om det verserte  tallause vitsar om både farten og storleiken. Frå 1920 fekk Osbanen konkurranse frå busstrafikken. I 1927 blei rutebilselskapet Nesttun-Osbanens Bilruter oppretta, og det endte etter kvart med at Osbanen utkonkurrerte seg sjølv.

På tur langs linjo

I 1935 var det slutt, og vi fekk den uslåelege rekorden «Noregs første nedlagte jernbanestrekning.» Siste tog gjekk frå Os stasjon 1. september, og kort etter blei skinnene fjerna. Men deler av traseen til jernbanelinja er bevart som turveg og sykkelveg, og spor av Osbanen finst framleis i lokale namn som Kuvenstasjonen, Ulvenstasjonen og Vognhallen på Osøyro.  Ved Osbane-museet på Stend stasjon er det lagt ned 70 meter skinnegang.  

Felles løft for å fortelle 26 kilometer historie

Kulturminnedagane går av stabelen frå 31. august til 9. september. Osbanens venner, Venneforeningen for gamle Osbanen, Fortidsminneforeininga - Bjørnafjorden lokallag, Os Kulturutvikling og Os sogelag samarbeider med Fana og Ytrebygda kulturkontor og kultureininga i Bjørnafjorden kommune om å få ting til å skje både langs «linjo» og på endestasjonane på Os og Nesttun.  

Vil du lese meir om Osbanen? Sjekk ut lokalhistoriehylla i Bjørnafjorden bibliotek. I Lokalhistorisk arkiv kan du sjå bilete frå bygging av banen og dei fire tiåra toget gjekk. Du finn òg meir om historia her på heimesida til kommunen og på sida til Osbanens Venner.