2. desember: Georg Døderlein Greve. Året er 1855. Kommunen treng skulebygg. Men har vi råd?

I 1855, etter 18 år, blei storkommunen delt. I "heradskløyvingi" blei Fusa, Strandvik og Hålandsdalen til Fusa, medan Os og Samnanger blei verande Os. Første ordførar i 1855-versjonen av Os var presten Georg Døderlein Greve. Han ville så gjerne betre skulestellet, men sleit med trange budsjett. 

Georg Døderlein Greve (1808-79), portrettert av Sigurd Bugge.

Ein slags nasjonale prøvar fanst alt i Greve si tid. Bispen og prosten kom på visitas for å sjekke om barna kunne skrive og rekne. Svaret var dessverre ofte nei. I 1855, Greve sitt første ordførar-år, kunne halvparten av skulebarna i Os skrive, og tredjeparten rekne. Dette var riktig nok eit stort framsteg frå 1830-talet. Då lærte 25% av elevane i kommunen vår å skrive og 8 % å rekne. Her skuldar vi å nemne at tala blei ekstra låge fordi jentene i starten ikkje var med på verken skrive- eller rekneundervisninga. For kva skulle vel dei med det?

Bygg skular!

Eigentleg er det slett ikkje verst at nokon lærte noko som helst. Skuleåret var 12 veker dersom alle elevane i ein krins gjekk saman i ein klasse, og ni veker dersom dei var delt i småskule og storskule.  Mange av lærarane var nykonfirmerte gutar som ikkje hadde anna utdanning enn - nettopp - omgangsskulen. Klasseromma var mørke stover rundt på gardane. Os trong skulehus! Alt i 1856 vedtok skulekommisjonen å bygge eit skulehus på klokkagarden på Os, i dag med gateadresse i Klokkargarden. I 1857 begynte bygginga, og i 1861 blei skulen tatt i bruk. 

Trangt budsjett

Det første skulebudsjettet i Os og Samnanger etter at Fusa hadde forlate kommunen var på 153 daler. Sjølv jenter utan rekneundervisning skjønar at det ikkje gjekk opp, ettersom lærarlønene aleine utgjorde 343 daler (sjølv om lærarane i Os fekk betalt mykje mindre enn dei hadde krav på etter lova). Med inventar, leige av klasserom og skulebøker kom kostnadene opp i 410 daler.  Som om ikkje det var nok, måtte heradstyret investere i fleire skulehus. I 1861 år blei det vedtatt å bygge skulestove på Søre Neset. Bra tenkt, men desto større nedtur at den ferdige skulestova var så dårleg bygd at byggmeisteren måtte gjere mykje oppatt. Han fekk ikkje full utbetaling. Skulekommisjonen hadde fleire møte i huset, og godkjente det under tvil, sjølv om det var ¼ alen (vel 15 cm) lavare under taket enn avtalt.    

Kvar skal skulen ligge?

Etter nokre års pause var Døderlein Greve tilbake som ordførar. Han foreslo fleire år på rad å bygge skulehus i Hegglandsdalen og Søre Øyane, men blei nedstemt. Like etter at Greve gjekk av, kom vedtaket om å bygge seks skulehus, i Søre Øyane, Hegglandsdalen, Lysefjorden og tre i Samnanger. Etter vedtaket kom plasseringskampen. I Øyane skulle det ta 18 år frå vedtaket til det blei semje om tomt.       
At både investeringar i nye og vedlikehald av gamle skulebygg svir, er ikkje heilt ukjent i dagens Bjørnafjorden heller. I 2025 har vi 17 kommunale grunnskular, små og store, nye og gamle. Og vi har minst ein nedlagt skule til sals, om du er interessert? 

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.