Hans Eide (1858-1945), portrettert av Sigurd BuggeI blant blir gigantiske, kvardagsomveltande kommunale saker realisert så fort at det er nesten ikkje til å tru. Høyr berre: i Os heradstyre sitt møte heilt på slutten av året 1911 blei det lufta om det ikkje var på tide å få elektrisk kraft til bygda. Før jul 1914 var lyset på.
Vi kjøper ein foss. Nei, vi tar to
I 1911 fekk ein tremannskomité med ordførar Hans Eide, Hans M. Skinstad (som blei ordførar i 1914, men det visste dei ikkje då) og driftsstyrar Heidenreich i oppdrag å sjekke om det var fossefall å få kjøpt. Nemda foreslo Lundetræfossen, og fekk ja. Fossen blei kommunal for 10 000 kroner. Samtidig gjorde dei ein framstøyt mot Sagelien på Gåssand, og i 1912 hadde kommunen dermed to fossar på hand.
To år frå vedtak til lys i bygda
I januar 1913 vedtok heradstyret å bygge elektrisitetsverk på Gåssand. Det blei løyvd 90 000 kroner til anlegget og 60 000 til linjer. Ingeniør Hertzberg tok på seg å bygge kraftverket. Fossekomiteen blei utvida med to mann (ordførar Eide var stadig med), og dermed var byggenemnda klar. I løpet av 1913 og 1914 blei det bygd straumlinje til Oskrinsen og Neset. Og så, før jul 1914, altså mindre enn to år etter vedtaket om å bygge, var kraftverk og linjer ferdige, og lyset på. Bortsett frå i Lønningdal og Nore Øyane, som måtte vente to tiår. Litt bittert, sjølvsagt.
Kjøpte seg inn i BKK
I Ossoga slår Nils Tveit fast at “i mange år var ljos- og kraftspursmålet det mest brennande i bygdi, og tok det meste av heradstyret si tid og arbeid”. Det er lett å forstå. Dette var svære avgjerder, nybrottsarbeid og store summar i spel. Og når folk først har vent seg til å bruke straum, ballar det fort på seg. Krokvatnet og Steindalsvatnet var demt opp, men det blei for knapt. Etter berre nokre vår var det ikkje nok med krafta frå anlegget på Gåssand. I 1921 kjøpte Os seg, noko motvillig, inn i Bergenshalvøens Komunale Kraftselskap (BKK) sitt anlegg på Dale, og fekk etter kvart halvparten av forbruket sitt derfrå.
I 2002 selde Os kommune, igjen noko motvillig, BKK-aksjane sine. Synest du det er interessant med kraft&kommune-saker? Gjer eit søk på “BKK- aksjar” i Os&Fusaposten sitt arkiv, så har du lesestoff til heile romjula.
-
Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar.
Kort samandrag:
1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger
1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
1907: Samnanger og Os skilte lag
1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune
Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.