Opne luke 17: 1963. Hålandsdalen har vent seg til samanslåingstanken

Ingebrigt Eide (1895-1988) var ordførar i Hålandsdalen i åtte periodar. Han kom inn i heradstyret i 1928, og var ordførar i 1931-47, bortsett frå to år då han sat i tysk krigsfangenskap, og i 1951-63.

Ingebrigt Knutson Eide var bonde, offiser og ordførar i Hålandsdal kommune i 28 år. Starten var krevjande. Mellomkrigstida var knallhard, og mange norske kommunar var så blakke at dei kom under administrasjon. For kommunestyra å tenke på luksus som for eksempel kraftutbygging var uaktuelt. Men økonomien lysna så smått frå midt på 30-talet, og sjølv om Hålandsdalen framleis sleit med å få endane til å møtast,  tok Ingebrigt Eide eit framsynt interkommunalt initiativ i 1938. 

Felles krafttak 

Han skreiv brev til dei gamle kommunekameratane Fusa og Strandvik og foreslo at dei tre burde samarbeide om å bygge ut vasskraft og få straum til innbyggarar og industri. Dei private småkraftverka her og der var gode greier for dei som nytte godt av det, men elektrisk lys og kraft burde vere eit gode for alle, og då laut ein samarbeide, meinte Eide.  Men så kom krigen, og statleg støtte blei brått uaktuelt. 
Som norsk offiser hamna Eide i to år i tysk krigsfangenskap frå 1943. Han kom heim i 1945, og straks krigen var over, kom kraftsaka på bordet att. Strandvik, Fusa og Hålandsdal kraftlag blei skipa i 1946. På tidleg 50-tal blei det omsider elektrisk lys i bygdene. Snart skulle samarbeidet handle om meir enn kraftsaka. 

Skeptisk - igjen

Hålandsdalen hadde vore skeptisk til tredelinga av Fusa i 1903, men då staten alt i 1942 begynte å mumle litt om samanslåing til større einingar, erklærte heradstyret at no hadde Hålandsdalen vent seg til å vere eigen kommune, så samanslåing var dei ikkje det minste interessert i. 
I 1958 var det stadig skepsis å spore, men då tanken fekk modnast litt, konkluderte ordføraren med at for eit så lite herad var samanslåing det einaste rette. I 1959 var folketalet i Hålandsladen 548, og minkande. Ordførar Eide var pragmatikar, og slo fast at “me får ikkje noko skikkeleg driv på administrasjonen så lenge me ikkje har ein einaste kommunal tenestemann i full stilling”.  Ser den. 

Samanslåingsnemnd/fellesnemd

Då det i 1962 var endeleg vedtatt at Strandvik, Fusa og Hålandsdalen skulle slå seg saman frå 1964, blei Ingebrigt Eide valt til formann i førebuingsnemnda for samanslåinga. Neste gong kommunesamanslåing stod på dagsorden på desse kantar, blei tilsvarande komité heitande fellesnemnda, og ein del av bekymringane frå før 1964 kom på bordet på nytt. Men det er ei anna luke.  

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.