Hans S. Vindenes (1952-)Det er dei færraste norske ordførarar forunt å styre parallelt med ein visekonge. Kanskje har berre to ordførarar på planeten opplevd akkurat det. Asbjørn Heidal var ordførar for KrF i 1984-87 og 1999-2003, og var saman med andre notabilitetar frå etaberte institusjonar del av den storslåtte seremonien då Visekongen av Fusa blei kruna på Eide i Hålandsdalen 21. juni 2003. Der var sjølvsagt leiar i eldrerådet, Johannes Lygre, sentral, ettersom han var den einaste med formell autoritet til å avsette visekongen. Ordføraren og visekongen signerte Engeviktraktaten, som regulerte den konstitusjonelle relasjonen mellom kommune og kongedøme. Heidal uttalte seg i etterkant reflektert og positivt om kunstprosjektet han (og på eitt nivå alle fusingar) blei ein del av.
Robek og visekonge
Hausten 2003 overtok altså Hans Vindenes ordførarvervet frå Heidal. Og her må vi berre beklage til Vindenes at han får ei slags statistrolle i si eiga kalenderluke. Men etter å ha takla tre strake ordførarperiodar (i 2007 med direkteval til ordførar og over 50% av stemmene), og alle dei vanlege ordførarutfordringane rundt kommuneøkonomi, arealbruk, eigedomsskatt, skulestrukturdebatt (tidvis i den kalde skuggen til Robek-spøkelset) taklar han nok òg å dele luke med Visekongen av Fusa.
Ville ha Bogstrand tilbake
Kongedømet Fusa eksisterte nokså kort, men historia rommar regalier, konsulkorps, eigen valuta (den fusiske kruna var gangbar i ei rekke lokale butikkar) og fusaflagg (som førte til mykje støy, formell politisk behandling av kommunepolitikarane, som stemte det ned, og ungdommeleg flaggborg-halloi i dobbeltjubileumsprosesjoenn i Eikelandsosen på 17. mai 2005). Og veldig mykje meir. Puh.
Visekongen reiste til og med på offisielt besøk til Os for å forhandle med ordførar Terje Søviknes om å få tilbake Bogstrand, som gjekk frå Fusa til Os ved kommunereforma i 1964. Forhandlingane førte ikkje fram, men oppslutninga om Os-besøket var ein visekonge verdig.
Kontitusjonelle kriser
Samtidig med stortingsvalet i 2005 var det folkeavstemming i Fusa - ja eller nei til kongedøme? Nokre kongedøme-motstandarar meinte dei blei gissel i kunstprosjektet, for viss nei-folket ikkje stemte, kom jo kongedømet til å bestå. Finurleg opplegg med mange lag, der altså. Uavhengig av om ein heia på kunstprosjektet eller ei, så står det seg som framtidig forskingsmateriale for dei som studerer lokal identitsbygging, symbolbruk og kommunegrenser.
100 år etter at Fusa sa ja til nasjonalt kongedøme, blei det nei til lokalvarianten. Med 58 % valdeltaking stemte 680 fusingar ja, og 908 stemte nei.
Farvel kongedøme
Nyttårsaftan 2005 stogga fusaferja midtfjords, og den abdiserte visekongen senka kruna i fjorden, før han reiste i eksil til Uruguay i to år. Hans Vindenes, derimot, reiste ingen stad. Han var ordførar til 2015, i ein kommune som stadig hadde sine særtrekk, men som etter Kongedømet Fusa igjen minna atskillig meir om ein vanleg kommune med vanlege kommunediskusjonar. Apropos kommunegrenser, Vindenes uttalte klart og tydeleg at større einingar var rett veg å gå. I 2015 overlèt han ordførarstafettpinnen til Atle Kvåle (Ap), som tok Fusa sin siste etappe mot Bjørnafjorden.
-
Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar.
Kort samandrag:
1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger
1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
1907: Samnanger og Os skilte lag
1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune
Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.