Mathias Erichsen (1845-1935), portrettert av Sigurd BuggeMathias Erichsen kom frå Fana til Os i 1875, og slo seg ned på garden Kuven, som han kjøpte for 3500 spesidaler. I dei tre tiåra han var ordførar skjedde det mykje spennande, men julekalenderlivet er nådelaust. Vi må velje, og akkurat i dag er dette ein av dei mest dagsaktuelle av alle kommunale julekalendrar i landet: tema er kommunebudsjett før og no.
Første budsjett: 10 950 kroner
4. desember, i det vi opnar luke 4, sit Bjørnafjorden formannskap samla og drøftar budsjettet for 2026 og økonomiplan fram til 2029. Krevjande. Men korleis såg eigentleg kommunebudsjetta ut i Mathias Erichsen si tid? Dei var meir oversiktlege, men strekte dei kommunale pengane til? Tja.
Året etter at Mathias rykte opp til ordførar, blei det for første gong sett opp eit samla budsjett for heradet. I 1883 var kommunebudsjettet for Os og Samnanger på 10 950 kroner. Alle kommunale kostnader var rett nok ikkje synlege i budsjettet. Mykje av grunnen til at kommuneøkonomien gjekk rundt, var nemleg at innbyggarane i tillegg til å betale skatt var pliktige til å utføre ymse praktisk arbeid for kommunen, sørge for mat og husly til dei fattige og bidra til drift av skulane. Dessutan hadde bygdefolket ansvar for alt vegvedlikehald. (Nei, dette er ikkje meint som eit tips til formannskapet).
Få kolonner i budsjettet
I år 1900, godt inne i Mathias Erichsen sin andre periode som ordførar, hadde det samla kommunebudsjettet (Os var framleis saman med Samnanger, Fusa hadde rive seg laus i 1855) auka til 27 005 kroner. Av dette var 7600 skulebudsjett og 4201 kroner var fylkesskatt. Noko var felles med Samnanger, anna var separat. Os sokn aleine hadde fattigbudsjett på 2500 kroner og vegbudsjett på 1440 kroner ved århundreskiftet. Det er verdt å merke seg at verken helse eller eldreomsorg hadde eigne kategoriar i budsjetta.
I feltet “Sum løyvingar drift, netto” i kommunedirektøren sitt forslag til budsjett for Bjørnafjorden 2026 står det 1 979 581 000 kroner. Ordførar Erichsen hadde likevel kjent seg igjen i ein ting: kommunøkonomi betyr krevjande prioriteringar. Frå Os sokn skilte lag med Samnanger i 1906 og til 1910, siste året han var ordførar, måtte han kutte markant i både fattigbudsjett og vegbudsjett. Det kan ikkje ha gått stille for seg.
Kva var ein storgard verdt?
Blei dette ei altfor nedslåande kalenderluke? Nokre oppløftande fakta til slutt. Mathias Erichsen var agronom, og kjøpte Kuven for 3500 spesidaler i 1875. Vi tippar at agronomen Mathias ville ha sett pris på minst to 2025-fakta: Kuven er framleis er i full drift, og på garden er selskapslokalet Mathiaskjellaren oppkalt etter han.
For dei som vil ha fleire tal å tygge på: Akkurat då Erichsen kjøpte Kuven, gjekk Noreg frå mynteininga spesidaler til kroner. I 1875 tilsvarte 3500 spesidaler 14 000 kroner. Garden var altså verdt atskillig meir enn det første samla kommunebudsjettet for Os og Samnanger.