Opne luke 6: 1846. Ola Synnestvedt og den nye fattigkommisjonen

Som mange av de tidlege ordførarane var Ola Synnestvedt med i heradstyret både eit par år før og fleire periodar etter ordførartida si. Ei av oppgåvene hans blei å få på plass ny fattigkommisjon. 

Ola Synnestvedt (1805-54), portrettert av Sigurd Bugge

Synnestvedt var klokkar, lærar og gardbrukar, og sat dessutan på fylkestinget. Flaks for han at 1840-talet var skjermfritt. Han fekk tydelegvis gjort mykje på den tida han sparte på å ikkje strøyme seriar. 

Staten bestemmer, kommunen betalar

Då Synnestvedt hadde vore ordførar i eitt år, kom den første nasjonale fattiglova. No skulle formannskapet velje medlemmer til fattigkommisjonen. Fattigkommisjonen sine oppgåver var å vurdere kven som hadde rett til støtte, å sette opp budsjett og administrere fattigkassen, som blei finansiert gjennom ein eigen skatt, og elles legat og gåver.  I 1846 blei det foreslått at kvart sokn, altså Samnanger, Hålandsdalen, Fusa, Strandvik og Os, skulle ta seg av sitt eige fattigstell heilt lokalt, men det blei stemt ned i formannskapet. 
Familien hadde plikt til å forsørge sine eigne. Det var berre der dette var heilt umogeleg at kommunen etter lova skulle hjelpe.  Staten heldt seg langt unna, fattigvesenet fekk kommunane ta hand om sjølve, så godt dei kunne eller ville. Men same kor sterk viljen måtte vere, var det dårleg med pengar å fordele.

Ikkje Sveits, men Sogn

Mange betalte fattigskatten i mat eller husrom for dei som måtte på legd. Den kontante delen av fattigskatten i heradet kom på 1850-talet opp i 130 daler. Kor mykje skatt du måtte betale, kom an på kor mykje jord du eigde. Dermed krov heradet at godseigar Formann på Lysekloster, som var ein verkeleg stor jordeigar, skulle betale 100 daler i fattigskatt. Formann ville berre betale halvparten, og truga med å flytte til Stedje i Sogn viss han ikkje fekk redusert skatt. Då fattigkommisjonen ikkje gav seg, reiste Formann sak. Han tapte, og måtte betale 422 daler som han alt skulda i fattigskatt. 
 

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.