Søk tilskot til prosjekt til integreringsarbeid
Frivillige organisasjonar kan få støtte til aktivitetar og tiltak som fremjar integrering mellom majoritets- og minoritetsbefolkninga i kommunen, og som bidrar til å auka arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrar og deira barn.
Prosjekt og tiltaksstøtte kan ikkje brukast til generell drift av organisasjonen.
Det blir gitt prosjektstøtte små og store integreringstiltak som varer frå eitt til tre år, med atterhald om Stortinget sitt årlege budsjettvedtak. Tilskot lokalt blir tildelt for eitt år om gongen og alle må søka på ny kvart år.
Ordninga har tre delmål:
A
- Prosjekt som stimulerer til fellesskap, tillit og tilhøyrsle i lokalsamfunn for innvandrarar og befolkninga elles, og motverke utanforskap, rasisme og diskriminering, og for mangfald i lokalsamfunnet.
B
- Prosjekt som aukar kunnskap om det norske samfunnet, gir betre norskferdigheiter, betre digitale ferdigheiter og styrkar kvalifiseringa for arbeid eller utdanning blant innvandrarar.
C
- Prosjekt som førebygger negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting, og styrkar likestilling mellom kjønna.
Kor mykje kan ein søkja om?
De kan søkja om full eller delvis støtte til eit tiltak. Minimumssum per enkelttiltak er kr 10 000,-
De kan søkja støtte til fleire prosjekt, men berre eitt prosjekt per søknad. Tildelingar over kr 100 000,-stiller krav om revisorrapport.
Søk om tilskot til enkelttiltak/prosjekt