Djup konsentrasjon over sjakkbrettet.
Ragnhild Stende Bjaadal
Det overordna målet med integreringsmidlane er å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrarar og deira barn. Bjørnafjorden kommune tar imot og vurderer søknadene, og tildeler tilskota på vegner av integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI). Tilskotet er altså pengar som kjem frå staten, ikkje frå kommunen sine eigne midlar.
Unge sjakkspelarar
– Hugs å ta motstandaren i handa før vi startar. Klar, ferdig, gå – versågod! seier sjakktrenar Ivan Tymchyk.
I rommet i andre etasje på Fjorden arena herskar ei imponerande roleg og konsentrert stemning blant dei tjuetals unge sjakkspelarane som er samla rundt borda denne tysdagskvelden.
Sjakklubben i Eikelandsfjorden idrettslag starta opp for omtrent nøyaktig eitt år sidan, mellom anna med integreringsmidlar. Pengane har gått til sjakkspel, lisensar og sjakklokker. Klubben har blitt svært populær på kort tid, og tel i dag 25 aktive medlemmar mellom 7 og 14 år.
– Eikelandsfjorden Il Sjakk er faktisk den tredje største sjakklubben i Vestland fylke, smiler Ivan.
Sjakk er eit universelt språk
Medlemmane kjem i hovudsak frå Eikelandsosen og Fusa. Eit par unge samningar har òg funne vegen til nabokommunen. Etternamna på medlemslista tyder òg på at ein god del av barna har sitt opphav frå heilt andre stader i verda, utan at det har noko å seie for verken sjakken eller det sosiale samværet i pausene. Og det er vel nettopp det som er integrering?
Fair play er viktig i sjakk, som elles i livet.
Ragnhild Stende Bjaadal
Først sjakk, så snop
Ukrainske Ivan Tymchuk og Oleksandr Shevchenko utgjer trenarteamet for sjakklubben. Kona til Ivan, Liubov Tymchuk, hjelper med det administrative. Det inneber mellom anna å gjennomføre det svært så populære snopelotteriet på slutten av kvar trening. Barna deira, Yelyzaveta (11) og Oleksandr (7), er begge ivrige medlemmar og direkte årsak til at Eikelandsfjorden sjakklubb blei oppretta, etter at foreldra blei slitne av å køyre dei til sjakktrening i Bergen.
Trenartrio for Eikelandsfjorden IL Sjakk: f.v. Lubov Tymchuk, Ivan Tymchuk og Oleksandr Shevchenko.
Ragnhild Stende Bjaadal
Strategi trumfar alder
Barna er delte inn i fire grupper etter ferdigheitsnivå. Etter kvart som dei blir betre, rykker dei oppover i nivå for å kunne bryne seg på passande motstandarar.
– I mange aktivitetar heng ferdigheitene saman med alder. Slik er det ikkje nødvendigvis i sjakk. Ein 14-åring kan fint få god motstand frå ein 8-10-åring, smiler Ivan.
Kanskje du har lyst til å prøve sjølv?
Laurdag 15. mars inviterer nemleg Eikelandsfjorden IL Sjakk, saman med Den ukrainske foreningen i Bjørnafjorden kommune, til turnering i Fjord'n senter. Her kan alle som vil setje seg ned og ta eit slag sjakk – eller berre vere publikum. Alle deltakarar får medalje og det blir sjokoladetrekning for barna som er med. Alle inntekter frå turneringa går til støtte for barn som er berørte av krigen i Ukraina.
Plass til fleire
– Klubben har plass til fleire barn som vil spele sjakk. Det er ein fordel om barnet har grunnleggande kjennskap til spelet, men alle er velkomne og vi har eit veldig fint miljø. Det er berre å møte opp her i Fjorden arena tysdag klokka 18. Hugs òg at det ikkje er lange vegen frå Os til Eikelandsosen, oppmodar Ivan.
Kor i all verda
Kor for alle øver i Ung Arena kvar tysdag kveld.
Ragnhild Stende Bjaadal
– Det er nesten umogleg å forestille seg korleis det er å kome til eit nytt land, utan å kunne språket og utan nettverk. Mange flyktningar kjenner seg veldig einsame, kanskje spesielt på kveldstid. Vi treng alle noko å gå til og drive med. Vi treng alle å vere del av eit fellesskap. Då kjem òg språket lettare, seier initiativtakar Marita Hjelle.
Gjennom jobben som leiar for Flyktningtenesta i Bjørnafjorden kommune kjem ho tett på problemstillingane mange flyktningar opplever. – I tillegg elskar eg å synge! smiler ho. Slik starta ideen om eit inkluderingskor.
Barnevakt og leksehjelp
Med hjarte for kor og alle: f.v. dirigent Myrna Braza og initiativtakar Marita Hjelle.
Ragnhild Stende Bjaadal
Marita fekk med seg Myrna Braza som dirigent, og i august 2023 drog dei i gang Kor for alle – eit internasjonalt kor med fokus på mangfald og inkludering, som det heiter i skildringa på koret si Facebook-side. Koret øver kvar tysdag kveld i Ung Arena sine lokale, rett ved Os ungdomsskule. I tillegg til song og sosialt samvær, tilbyr koret barnevakt og leksehjelp til barn av kormedlemmar som måtte ønskje eller trenge det. Om lag 25 songglade finn vegen kvar gong. Koristane kjem frå mellom anna Noreg, Frankrike, Filippinene, Italia, Ukraina og Kongo.
Song på åtte språk
Pascaline Nyiramahoro stortrivst i Kor for alle.
Ragnhild Stende Bjaadal
Kor for alle syng songen "Vinden" på åtte ulike språk. Då er det enklast med lydskrift.
Ragnhild Stende Bjaadal
– Eg storkosar meg, smiler Pascaline Nyiramahoro. Ho kom til Os frå Kongo for seks år sidan, og har alltid vore glad i å synge. Favorittsongen på repertoaret er “Vinden”, som kormedlemmene sjølve har omsett til åtte språk – inkludert teiknspråk. Pascaline har stått for omsetjinga til swahili.
– Eg likar spesielt godt å bevege meg til song, og i den songen gjer vi begge delar, smiler ho. – I tillegg er det sosialt og kjekt å snakke med folk.
Bli med!
– Er du glad i å synge, men føler at du må vere så flink for å gå i kor? Kom til oss! Her er det trygt og hyggeleg. Vi er verkeleg eit kor for alle. Dette er song med opne armar, smiler Marita.
Desse fekk integreringstilskot for 2024:
-
- Bjørnafjorden golfklubb: Etablering av fast møteplass for flyktningar i klubben. Matlaging, språktrening, kulturkunnskap og bygging av sosiale relasjonar. Kr 20 000,-
- Den ukrainske forening i Bjørnafjorden: Driftstilskot, sats etter medlemstal. Kr 63 000,-
- Eikelandsfjorden IL: Sjakkgruppe for mange barn frå mange land. Kr 10 000,-
- Fusa sokn: Ferieklubben veke 26 og 27 (80 barn). Kr 40 000,-
- Fusa sokn: Internasjonal kvinneklubb i Eikelandsosen. Aktivitetar med vekt på norskpraksis, likestilling, aktiv samfunnsdeltaking og kulturutveksling. Kr 25 000,-
- Kor for alle: Inkluderingskor for å skape fellesskap. Tilskot til dirigent, barnevakt og servering. Kr 25 000,-
- Lysefjorden Rideklubb: Ridekurs til barn og unge med innvandrarbakgrunn. Kr 40 000,-
- Nore Neset IL: Gratis inkluderingsdagar for barn og unge. Gratis medlemsavgift for barn og unge frå innvandrarfamiliar. 10 gratisplassar på Multisportsveka. Språktrening etter skuletid. Kr 50 000,-
- Os Røde Kors: Månadlege treff i Kløvertun for ukrainske flyktningar over 50 år. Opplæring i arbeidsliv og andre kurs, servering og transport ved behov. Kr 40 000,-
- Os skulekorps: Musikkreisen 2024, helgeseminar med avslutningskonsert. Lågterskel samspel og musikkglede. Kr 25 000,-
- Os sokn: Musikkterapi, individuelt og i grupper. Vidareføring av prosjekt. Kr 35 000,-
- Os Turn: Inkluderingsdagar: Tre dagar som syner fram alle aktivitetane i foreininga. Kr 50 000,-
- Søre Øyane bedehus Fredheim: Integreringskafé, aktivitetar for barn og unge, fellesturar ++ med mål om integrering i lokalsamfunnet, møteplass og bli kjende på positive måtar. Kr 10 000,-
Les meir om tilskotsordninga her
Søknadsfristen for integreringstilskot er 1. februar kvart år.